Hopp til innhold

- Politiet ville "på kartet"

- Politiet lot saka vekse seg stor for å setje seg sjølve på kartet, seier ein av dei involverte i den store doping-saka i Sunnfjord.

Politibil
Foto: Cosmin Cosma/NRK

Selde dop i soningskø

Distribuerte dop til heile landet

Politiet følgde med heile tida

- Dei seier dei greip inn etter at 170 pakker med anabole steroider var sendt av garde. Normalt ville dei sikkert grepe inn etter 30-40, men dei ville late saka vekse seg stor slik at dei kunne setje seg sjølve på kartet, seier ein av dei involverte i saka til NRK.

- Vi har kanskje vore ein pest og ei plage, men mitt inntrykk er at lensmannskontoret har ”gitt gass” i denne saka for å kome på kartet. Dei vil vise at dei også kan fikse store saker, seier han vidare.

- Lengst mogleg inn i fengsel

Totalt ni personar i Førde og Bergen er no mistenkte for å ha distribuert anabole steroider over heile landet. Politiet har overvaka bestillingar og kommunikasjon via e-post, msn og web-kamera i eit år før dei gjekk til aksjon fredag for to veker sidan.

Bergens Tidende skriv i dag at politiet har kjennskap til at 170 pillepakker har vorte sende til adresser over heile landet. Den involverte NRK har snakka med fortel at han er overraska over at politiet overvaka dei mistenkte i eit heilt år før dei greip inn.

- Dei dreiv på så lenge berre for å få folk lengst mogleg inn i fengsel, seier han.

- Ikkje andre stoff

Han reagerer også på at andre stoff blir involverte i saka.

- Det er funne anabole steroider heime hjå ein av dei mistenkte, ingen av dei andre. Ingen har heller hatt kokain eller amfetamin heime hjå seg, slik ein kan få inntrykk av. Det politiet har fått tak i har dei funne fordi dei mistenkte har fortalt kvar dei kan finne det. At det skal vere amfetamin involvert har eg aldri høyrt om, seier han.

Politiadvokat Knut Broberg ved Sogn og Fjordane politikammer ynskte ikkje å kommentere denne saka på laurdag.