Hopp til innhold

Død person i Solund gravlagd som ukjend

Politiet klarar ikkje å finne identiteten til mannen som i februar vart funnen død i fjæresteinane på Buskøyna i Solund.

– Den avdøde har vore sjekka opp mot sakna-saker både i inn- og utland utan at ein har klart å finne identiteten, og mannen vert no gravlagd som ukjend, seier politiadvokat Sven Arne Dahl-Michelsen.

Det var tilfeldig forbipasserande som fann liket, som bar preg av å ha lege lenge i sjøen.

Her blei den døde mannen i Solund funne.

Politiet nærmare svar etter mystisk likfunn i sjøen

Fire dagar etter likfunnet veit politiet berre at det dreier seg om ein vaksen mann. Neste veke kjem den fyrste obduksjonsrapporten.