Hopp til innhold

Politiet nærmare svar etter mystisk likfunn i sjøen

Fire dagar etter likfunnet veit politiet berre at det dreier seg om ein vaksen mann. Neste veke kjem den fyrste obduksjonsrapporten.

Her blei den døde mannen i Solund funne.

HER VART HAN FUNNE: Torsdag vart den ukjende mannen obdusert ved Gades institutt i Bergen, og den førebelse obduksjonsrapporten er venta i byrjinga av neste veke.

Foto: Privat

Måndag vart det funne ein død person i fjæresteinane på Buskøyna, i Ytre Sogn.

Det var tilfeldig forbipasserande som fann liket, som bar preg av å ha lege lenge i sjøen.

Politiet kjenner ikkje identiteten til vedkomande, og veit så langt berre at det dreier seg om ein vaksen mann.

– Vi er heilt opne, og har ingen indikasjon på kven dette kan vere, seier politistasjonssjef ved Nordhordland politistasjon, Kjell-Idar Vangberg.

Obduksjonsrapporten er venta i byrjinga av neste veke

Torsdag vart den ukjende mannen obdusert ved Gades institutt i Bergen, og den førebelse obduksjonsrapporten er venta i byrjinga av neste veke.

Politiet håper dei då får vite alder, storleik og kor lenge personen har lege i sjøen.

Det er også teke DNA- prøver av mannen.

– Er de sikre på at de vil få svar på kven dette er?

– Nei, det kan vi ikkje vere, seier Vangberg.

Kjell Idar Vangberg

Kjell-Idar Vangberg seier politiet ikkje har indikasjonar på kven den omkomne mannen kan vere.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Likna ei utstillingsdokke

Harald Bontveit skulle hente utstyr i båten då han i 14-tida måndag såg noko som likna ei utstillingsdokke i fjæresteinane.

– Ved nærare ettersyn såg eg at det ikkje var ei utstillingsdokke, seier han.

Han seier at opplevinga var ubehageleg.

Harald Bontveit fann død mann i Solund

Harald Bontveit fann ein død mann i fjæresteinane i Solund.

Foto: Privat

– Det er ikkje kjekt. Men du må berre gjere det som skal gjerast, seier han, og fortel han varsla politiet med det same.

Politistasjonssjef Vangberg seier det er tydeleg at mannen har ligge i sjøen ei stund.

Kor lenge er uråd å seie, men politiet opplyser at dei undersøker funnet opp mot sakna-saker to-tre år tilbake i tid.

Sjølv om det har vore ulukker i området, er det også mogleg at mannen ha kome langvegsfrå med vind og straum.

– Vi er heilt opne om kven dette kan vere per no. Det kan også vere nokon som har falle frå ein båt som har gått forbi, legg Vangberg til.

Det er nok nokon som er glad for å få han att

Politiet har fått ein reike tips frå publikum.

– Vi samlar all informasjonen i vent av obduksjonsrapporten. Vi håper vi kan finne ut kven dette er, seier Vangberg.

Første nyttårsdag i 2021 vart eit barn funnen drukna på Karmøy i Rogaland. Det viste seg at guten var ein av fem som året før drukna då ein båt kantra midt i Den engelske kanalen.

– Eg håpar berre at obduksjonen finn fram til kvar han høyrer heime, seier Bontveit.

Det er nok nokon som er glad for å få han att.