Ein leiarartikkel i Fjordenes Tidende har kurs for Pressens faglige utvalg (PFU).
I artikkelen spør avtroppande redaktør Dag H. Nestegard om Bremanger kommune «har råd til» å seie nei til ein omstridd ammoniakkfabrikk.
Det redaktøren ikkje informerte om, er at han på same tid var blant søkarane til stillinga som prosjektleiar for tilflyttingskontoret i den same kommunen. Ei stilling han sidan fekk.
Eit klart brot på regelen om å unngå dobbeltroller, meiner Gunnar Bodahl-Johansen, ekspert på presseetikk og tidlegare fagmedarbeidar ved Institutt for journalistikk (IJ).
– Det er ei dobbeltrolle som er heilt uakseptabel.
– Så snart han har søkt ei stilling utanfor redaksjonen, så har han tatt på seg ei rolle utanfor som gjer at han ikkje kan fungere som redaktør – verken internt i huset eller utetter.



Redaktøren legg seg flat
Nestegard seier til NRK at han gjorde ein «feilvurdering» og at han «ikkje burde skrive den leiaren».
Han vil gjere det godt att ved å skrive ei offentleg unnskyldning på same stad som leiaren blei publisert, og ved å gå i dialog med klagaren.
– Eg trur på ærlegdom og openheit, og det er det eg burde ha praktisert her, seier han.
I februar blei det bråk da avisa Altinget avslørte at VG-kommentator Hans Petter Sjøli skrytte av Jonas Gahr Støre («som fuglen Fønix») samtidig som han søkte på jobben som taleskrivar og kommunikasjonsrådgivar ved Statsministerens kontor (SMK).
I «samråd» med VG-leiinga blei det sidan bestemt at Sjøli ikkje skal kommentere norsk politikk mens søknadsprosessen går føre seg.
Dag H. Nestegard seier til NRK at han gjorde ein «feilvurdering» og at han «ikkje burde skrive den leiaren».
Foto: Renate P. Johnsen– Ein enorm tendens til å stole på sitt eige sjølvstende
Bodahl-Johansen seier til NRK at han på generelt grunnlag er «overraska» over kor dårleg norske journalistar og redaktørar er til å vurdere eigen habilitet.
– Dei har ein enorm tendens til å stole på sitt eige sjølvstende, og at han gjeld i alle samanhengar. Det gjer han ikkje, seier han.
PFU bekreftar at dei har fått ei klage på leiaren, og at dei har oppfordra partane til å snakke saman for å finne ei minneleg løysing.
NRK er kjent med at klagaren er Folkeaksjonen mot etablering av hydrogen- og ammoniakkfabrikk på Holmaneset.
Dersom dialogen ikkje fører fram, kjem saka tidlegast opp i utvalet i mai.
– Det er ei dobbeltrolle som er heilt uakseptabel, seier Gunnar Bodahl-Johansen.
Foto: NRKEi sak med «mykje kjensler»
Den planlagde fabrikken i Bremanger kjem i byte mot nye arbeidsplassar og svært velkomne tilflyttarar, men også tapte naturverdiar og press på det som allereie er ein anstrengd energisituasjon.
Trass protestar frå naturvernarar og representantar for den kraftkrevjande industrien (Elkem), sa fleirtalet i kommunestyret i Bremanger førre veke ja til områdeplanen for bygging av den nye ammoniakkfabrikken.
Den avtroppande redaktøren seier at det er ei sak med «mykje kjensler» og at intensjonen var å gi til vege dei ulike synspunkta for ei breiare offentlegheit.
– I gjerningsaugeblinken handla det om å tilby eit fugleperspektiv, i tråd med samfunnsoppdraget.
– Men eg ser jo nå at det rett og slett var feil på grunn av dobbeltrolla mi som jobbsøkar.