Hopp til innhold

Djupvik frå skryt av bronsevinnar

Landslagstrenar Morten Aa Djupvik får delar av æra etter den sterke norske innsatsen på 15-kilometeren under VM i Kollen.

Morten Aa Djupvik

SUKSESS: Morten Aa Djupvik gjer stor suksess med landslagsherrane under Ski-VM på heimebane i Holmenkollen.

Foto: NRK1/skjermdump

Bronsevinnar Martin Johnsrud Sundby fekk tredjeplass, og meiner trenaren frå Hyen skal ha mykje av æra.

- Akkurat no har eg frykteleg lyst til å takke alle som er rundt meg. Ein spesiell takk til trenar Morten som har vore ein fantastisk mann for meg i år, sa Johnsrud Sundby kort tid etter at han gjekk over målstreken.

Sølv og bronse til Norge

Det var ein ny stor norsk dag under Ski-VM på heimebane. Medan Northug stod over 15-kilometeren, viste både Eldar Rønning og Martin Johnsrud Sundby fram superkrefter.

Rønning kasta seg over mållinja til sølvplass, medan Johnsrud Sundby kapra tredjeplassen. Finske Matti Heikkinen vann rennet.

- Det var ikkje noko å gjere med Heikkingen i dag. Men dette var eit fantastisk løp av Eldar, sa trenar Morten Aa Djupvik til NRK rett etter løpet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Eldar Rønning og Martin Johnsrud Sundby

SØLV OG BRONSE: Eldar Rønning og Martin Johnsrud Sundby gjorde trenar Morten Aa Djupvik stolt.

Foto: Kyrre Lien / Scanpix

Har fått krass kritikk

Djupvik har måtte tåle krass kritikk etter det mange meiner er elendige resultat på herresida i norsk langrenn, over lang tid.

I desember gjekk tidlegare langslagstrenar Inge Bråten ut og hevda nivået blant herrelandslagsløparane i distanserenn var historisk dårleg.

Tidleg under VM berre lo Aa Djupvik vekk spørsmålet om at dårleg norsk laginnsats ville kunne føre til at han måtte gå av.

Resultata gir tryggleik

Til no har dei norske herrelandslagsutøvarane henta fleire medaljar.

Landslangstrenaren har ved fleire tilfelle gitt uttrykk for at dette viser at dei har gjort mykje rett under oppladinga.

- Dette byggjer sjølvtillit og gjer oss trygge på at vi har gjort ein god jobb på førehand, sa Djupvik til NRK etter at Petter Northug vart verdsmeister på 30-kilometeren søndag.