Hopp til innhold

Langrennsprofilar slaktar Morten Aa Djupvik sitt herrelandslag

Petter Northug gjer stort sett som han vil, og forutan Northug har ikkje ein nordmann vunne eit distanserenn sidan 2008. Landslagstrenar Morten Aa Djupvik frå Gloppen og resten av leiinga har skulda.

Morten Aa Djupvik

ETTERLYSER RESULTAT: Morten Aa Djupvik har vore landslagstrenar sidan 2006.

Foto: Rune Fossum / NRK

Inge Bråten

RETTAR STERK KRITIKK: Inge Bråten har vore landslagstrenar for Norge, Sverige, Canada og Sveits. Han gir dagens trenarar strykkarakter.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Dette hevdar ei rekkje langrennsprofilar over eit tresiders oppslag i VG si papirutgåve onsdag.

– Historisk dårleg

Tidlegare landslagstrenar Inge Bråten meiner nivået blant herrelandslagsløparane i distanserenn er historisk dårleg.

– Det er ikkje berre dårleg. Det er på tide å kalle ein spade for ein spade, dette er det dårlegaste norsk herrelangrenn har gjort på distanse nokonsinne. Det er historisk dårleg, seier Bråten til VG.

Den einaste som har vore på pallen dei siste sesongane er Petter Northug. Med ei verdcuphelg att før jul, har han berre gått to renn denne sesongen. Og han har vore langt frå pallplassering.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Morten Aa Djupvik

BERRE PETTER? Morten Aa Djupvik og landslagsleiinga har fint lite anna enn Petter Northug å vise til, meiner kritikarane.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

– Med unntak av Petter har ikkje dei norske herreløparane vore i form når dei skal på mange år. Det er betenkeleg. Og i verdscupen er det ikkje dei som er på landslaget som presterer best, seier den tidlegare landslagstrenaren til avisa.

Skuldar Aa Djupvik for å vingle

Han stiller spørsmål ved om leiarteamet med landslagstrenar Morten Aa Djupvik frå Hyen, Vidar Løfshus og sportssjef Åge Skinstad er gode nok.

– Etter dårlege resultat blir trenarane usikre. Morten prøver noko nytt kvart år. Eg er også usikker på om den medisinske oppfølginga er god nok.

– Har ikkje æra for Northug

Trude Dybendahl

– HAR IKKJE LØFTA PETTER: Det er ikkje Morten Aa Djupvik å takke at Petter Northug har hatt suksess, meiner tidlegare verdsmeister Trude Dybendahl.

Foto: NRK

Bråten får i VG støtte frå fleire langrennsprofilar. Både Trude Dybendal og Fredrik Aukland stiller seg kritiske til jobben Aa Djupvik gjer.

– Petter køyrer sitt eige løp. Dersom Morten hadde løfta han, ville han ha vore i stand til å løfte fleire, men Petter er ikkje løfta av Morten, seier Dybendahl til VG.

TOUR DE SKI

ETTERLYSER TALENTUTVIKLING: Anders Aukland er i dag trenar for sveitsiske Dario Cologna. Han meiner forbundet og landslagsleiinga sviktar på talentsida.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Tidlegare VM- og OL-vinnar med det norske stafettlaget, Fredrik Aukland, etterlyser på si side betre talentarbeid.

Avviser kritikken

Landslagstrenar Morten Aa Djupvik slår knallhardt tilbake mot kritikken.

– Dybendahl veit ikkje noko om min autoritet. Petter Northug trenar 99 prosent som dei andre. Eg får gode tilbakemeldingar frå løparane, seier hyaren til avisa.

Han slit med å ta Inge Bråten seriøst.

– Han er verdsmeister i å kritisere andre. Resultata er ikkje bra nok i høve til kva vi kan forvente. Vi har bevisst halde igjne. Vi skal vere på vårt beste under VM i februar-mars.

Aa Djupvik lovar å ha ein norsk herreutøvar på pallen alt til helga.

– Petter Northug.

Forsvarer Aa Djupvik sitt arbeid

Etter dagens oppslag i VG har fleire rykt ut med støtteerklæringar til landslagstrenaren.

Pål Gunnar Mikkelsplass seier til VG Nett at trenarar og leiinga har skulda for at resultata har uteblitt. Han meiner det er naturleg at det går litt i bølgjedalar for langrennsløperane.