Hopp til innhold

Spent landslagstrenar før fellesstarten

Glopparen kjenner presset, men meiner førebuingane har vore optimale.

Morten Aa Djupvik møter pressa

KJENNER PRESSET: Morten Aa Djupvik kjenner presset, men er full av sjølvtillit framfor fellesstarten for herrar søndag.

Foto: Bård Siem / NRK

I eit rom stappa fullt av pressefolk møtte Morten Aa Djupvik til pressekonteranse på Soria Moria Hotel i dag. Ein opplagt landslagstrenar full av sjølvtillit ser med forventning fram til resten av VM og til fellesstarten for herrar i morgon.

- Eg er sjølvsagt veldig spent. Eg kjenner presset, men kjenner på det som noko positivt. Det er ikkje ubehageleg i det heile.

Optimale førebuingar

Vert det kollektiv landslagssvikt under VM i Holmenkollen kan herrelandslagstrenaren frå Gloppen verte skyteskive.

Men Morten Aa Djupvik framstod som ein mann med stålkontroll under presseseansen.

Smilande, opplagt og trygg i rolla, berre lo han vekk spørsmålet om det igjen kan kome krav om avgang.

- Heilt greit å få sparken, smilte han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Djupvik under pressekonferansen i Oslo

BLID: Landslagstrenar Morten Aa Djupvik vedgår at han kjenner på presset under VM på heimebane.

Foto: Bård Siem / NRK

Northug favoritt

- Eg trur mest på Petter Northug i morgon, svarte hyaren på spørsmål om kven som vert best av dei norske.

For det var Northug pressekorpset venta på. Sølvvinnaren frå sprinten som kom sist til pressekonferansen.

Men der serverte han ikkje kraftsalvene som han etterkvart er blitt både kjend og omstridd for.

Djupvik meiner at om noko går gale kan ein i alle høve ikkje skulde på førebuingane.

- Førebuingane er optimale og løparane er i toppform.

(Artikkelen held fram under biletet)

Petter Northug

FAVORITT: Petter Northug er trenar Djupvik sin favoritt.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

Saknar Hjelmeset

Men eitt lite skår i VM-festen fins det også for Djupvik. Glopparen Odd-Bjørn Hjelmeset fant aldri formen og er på sidelinja under VM.

- Eg saknar han. Synd og trasigt at Hjelmeseten ikkje er med oss her, sa Djupvik om muntrasjonsrådet frå Vereide.

Gler seg til besøk heimafrå

Hyaren har plassert seg i toppen av norsk idrett. Kva rolle bakgrunnen og oppveksten frå Hyen har spelt inn for å kome dit han er i dag er han derimot usikker på kva han skal svare på.

- Eg har eigentleg ikkje reflektert så mykje over det. Men ein god oppvekst er viktig her i livet. Eg gler meg veldig til foreldra mine kjem ned og ser på VM-festen seier han til NRK.