Hopp til innhold

Bergen får mindre makt over samferdselspolitikken

Det er distriktspolitikarar som skal bestemme over kollektivsatsinga i Bergen dei neste fire åra. Kun to av 15 representantar i det nye samferdsleutvalet i Hordaland bur i byen.

Buss og bybane i Bergen

KOLLEKTIV: Bergen står føre fleire viktige avgjerder og satsingar i kollektivtrafikken framover. Men kun to av dei femten som skal ta avgjerdene i samferdsleutvalet i fylkeskommunen bur i byen.

Foto: Atle Markeng / NRK

53 prosent av innbyggjarane i Hordaland bur i Bergen. Men byen har berre to av femten representantar i det ferske samferdsleutvalet i Hordaland (sjå faktaboks).

Bergensarane er difor nesten heilt fråverande når kollektivpolitikken i byen skal utformast i åra framover. To avtroppande fylkespolitikarar frå Bergen er uroa for at byen skal tapa på skeivfordelinga.

– Det er eitt ordtak som seier at der du sitt, bestemmer kor du står. Og det er absolutt for få representantar frå Bergen i utvalet. Det er ingen tvil om at erfaringane ein har med seg og dei veljarane du representerer påverkar kva du meiner, seier Tom Skauge frå SV.

– Eg synest ikkje det er bra, uavhengig av partitilknyting, seier Alf Helge Greaker frå Venstre.

Tom Skauge og Alf Helge Greaker

Tom Skauge frå SV og Alf Helge Greaker frå Venstre.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Fryktar Bergen kjem i andre rekke

Begge har vore mellom dei som har representert Bergen i samferdsleutvalet dei siste fire åra. Det ferske utvalet vil dei neste fire åra verta sterkt prega av sittande eller tidlegare ordførarar frå andre kommunar i fylket.

Skauge og Greaker fryktar det fører til at utviklinga i kollektivtilbodet i Bergen kjem i andre rekkje.

– Bergen burde vore meir representert i samferdsleutvalet og i fylkestinget. Det er fordi det er der klimautfordringa ligg og det er der midlane bør brukast framover for å få fleire passasjerar over på kollektiv, seier Greaker.

– Eg håpar ordførarane også tenkjer på Bergen. Det er klart at det kan tenkast at dei har ein interesse kopla meir til sin kommunane. det er ein interessekonflikt her.

Atle Kvåle

Nyvalt ordførar i Fusa, Atle Kvåle (Ap) er mellom dei som sit i det nye samferdsleutvalet i Hordaland.

Foto: Runa Victoria Engen

Avviser at Bergen vil tapa

Nyvalt ordførar i Fusa, Atle Kvåle frå Arbeidarpartiet, er mellom dei som no sit i det nye samferdselsutvalet. Han avviser at Bergen vil tapa på at er få bergensarar i utvalet.

– Eg ser ikkje det som ein problemstilling av den enkle grunn at når du er valt inn i fylkestinget så er du regionpolitikar uansett kor du kjem frå.

Kvåle går ikkje med på at han er mindre oppteken av bybane og byluft fordi han ikkje kjem frå vestlandshovudstaden.

– Viss eg registrerer at nokon er det, så vil ikkje eg vera redd for å minna dei på at dei er regionpolitikarar. For Fusa så er det veldig viktig at kollektivtransporten i Bergen fungerer godt, seier Kvåle.

Også ordførar i Radøy, Jon Askeland frå Sp, stemmer i.

– Bergen er byen. Me er opptekne av at kollektivtilbodet til og frå Bergen og kollektivtilbodet i Bergen fungerer og det vil vi engasjere oss i.

Det nye fylkestinget møtest i dag for første gong.