Hopp til innhold

Hastetiltak mot KI-juks i vidaregåande skular – stikkprøvar og auka vakthald

På skuleeksamenane før sommaren vil Utdanningsdirektoratet ha ei rekke tiltak for å hindra at elevane lastar ned program for kunstig intelligens på pc-en sin.

Daniel Sjursen Hole (t.v.) og Marcus Kleventveit ved Åsane vidaregåande skule i Bergen.

IKKJE JUKS: Vidaregåande-elevane Marcus Kleventveit (til venstre) og Julian Ådnanes Lillebuen likar å jobbe med mekanikk, men ikkje å jukse ved hjelp av kunstig intelligens.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

– Eg brukar av og til kunstig intelligens til å hjelpe meg i oppgåver, men eg juksar jo ikkje. Det er for å hjelpe meg, seier Daniel Sjursen Hole ved Åsane vidaregåande skule.

Denne dagen jobbar klassen hans med å produsere ein modell av vindmølle, der nokre av delane blir laga i 3D-printing.

– I førearbeidet er det jo mogleg å bruke KI, men vi vil avsløre det ganske fort når dei skal produsere delane i praksis, seier læraren deira, Truls Takvam.

KI offline er no mogleg

Til nå har det vore vanskeleg å bruke kunstig intelligens til å jukse på eksamen, men utviklinga går fort.

– Det som er nytt i år, det er at du kan bruke kunstig intelligens utan å ha nett-tilgang, seier direktør Morten Rosenkvist i Utdanningsdirektoratet.

Heilt praktisk betyr det at du kan laste ned eit KI-verktøy på PC-en din og bruke det til å løyse eksamensoppgåva.

– Du koplar jo av nettet på eksamen, men viss du på ein eller annan måte klarer å laste ned denne KI-en på PC-en, klarer du kanskje å jukse. Men det skal jo litt til, seier elev Marcus Kleventveit.

Men det er fullt mogleg, seier Rosenkvist.

– Ein kan få eit ganske greitt svar ut av det.

Morten Rosenkvist

Direktør Morten Rosenkvist i Utdanningsdirektoratet seier det hastar med å innføre tiltak mot KI-juks under årets skuleeksamenar.

Foto: Camilla Alexandra Lie / NRK

Vakthald og stikkprøver

Nå vil direktoratet gjere det endå vanskelegare å sleppe unna med juks på skuleeksamen. Auka vakthald, stikkprøver og færre tillatne hjelpemiddel er blant tiltaka dei foreslår (sjå faktaboksen).

– Dette er viktig for tilliten til eksamen. Alle som tar ein eksamen, skal vere trygge på at den er mest mogleg rettferdig og at ikkje andre har brukt kunstig intelligens under eksamen, seier Rosenkvist.

Sjølv om kunstig intelligens har blitt ein del av skulekvardagen, veit elevane i Åsane kva tid det ikkje skal brukast.

– Eg høyrer ikkje nokon elevar som går rundt og seier at dei skal jukse på eksamen ved å bruke KI, seier Daniel.

– Eg vil ikkje bli tatt i å jukse, seier Julian Ådnanes Lillebuen.

Lærar og elevar ved Årstad vidaregåande skule i Bergen.

Elevane ved Åsane vidaregåande skule i Bergen førebur oppgåva med å konstruere straumproduserande modellar av vindmøller. Lærar Truls Takvam til høgre.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

– Elevar juksar lite

Kor stort er så problemet med at elevane bruker kunstig intelligens til å jukse på eksamen?

– På eksamen veit vi ikkje, for i fjor måtte ein ha nett-tilgang, og det kunne vi ganske enkelt avgrense. Dette med å bruke det offline er heilt nytt, så den situasjonen kjenner vi ikkje, seier Rosenkvist i Utdanningsdirektoratet.

– Men generelt veit vi at elevane i veldig liten grad juksar på eksamen.

Men når desse elevane skal ut i samfunnet seinare, vil kunstig intelligens vere ein del av verktøya dei har å bruke.

– Er det eigentleg ei tapt sak å skulle kjempe mot kunstig intelligens på eksamen?

– Vi må jo sjå litt fleire år i samanheng. Akkurat nå handlar det om korleis vi skal handtere dette på eksamen i år. For dei neste åra må vi jo diskutere kva slags eksamensformer vi skal ha.

– Ikkje stress elevane på eksamen

Petter Andreas Lona er leiar i Elevorganisasjonen.

– Det er jo bra at ein ser på problemstillingane med KI og eksamen. Men samtidig skal ein vere varsam med å redusere mengda hjelpemiddel, og å stressa elevane under eksamen. For eksempel det å ha stikkprøver under eksamen, skal ein vere veldig forsiktig med, meiner han.

Han meiner rettssikkerheita til elevane er første prioritet.

I resten av skoleløpet meiner han det først og fremst er viktig at elevane faktisk lærer om trygg og fornuftig bruk av kunstig intelligens.

– Og så må ein jo på lengre sikt sjå på om ein skal endre eksamen ganske radikalt. Med kunstig intelligens kan ein få ein robot til å skrive heile teksten for seg, så er eg usikker på om det er formålstenleg å ha sånne type vurderingar, seier Lona.

Treng du tips til korleis du kan – eller ikkje skal – bruka KI i skulearbeidet? Sjå her: