Hopp til innhold

Nora og Jakob var dei mest populære namna i fjor – koronaåret påverka ikkje namnevala

Gamle kjenningar på namnetopplista for 2020. Verken Espen, Bent eller Erna har klatra på namnelista trass i daglege pressekonferansar i koronaåret.

Nora og Jakob topper navnestatistikken også i 2020.

TOPP: Dei mest populære namna i fjoråret 2020 var «Nora» og Jakob».

Foto: NRK/NTB

– Den stabile trenden er jentenamn som sluttar på «a» og bibelnamn blant gutar, seier seksjonssjef Jon Olav Folsland i Statistisk sentralbyrå (SSB).

Torsdag morgon slapp SSB namnestatistikken for 2020. Namna som toppa lista av populære namneval var jentenamnet Nora og gutenamnet Jakob/Jacob.

416 jenter fekk namnet Nora i fjor, medan 422 gutar fekk namnet Jakob eller Jacob.

Halvparten av alle jentene som blei fødd i fjor, fekk eit namn som sluttar på «a».

Påverka av «Harry Potter»

Vidare toppar Emma, Ella og Maja, Olivia og Emilie namnelista for jenter. Medan variantar av namna Emil, Noah, Oliver, Filip og William er dei populære namna for gutar.

Iben og Olav er samtidig på veg opp. Namnet Hedvig har rykka opp frå 70.-plass i 2019 til 40.-plass i fjor.

– Det er eit namn som mange hugsar som ugla i «Harry Potter». Dei foreldra som no får barn, har vakse opp med det. Kanskje det har festa seg der, seier han.

Koronaåret ser ikkje ut til å ha påverka statistikken. Verken Bent Høie eller Espen Rostrup Nakstad har inspirert norske foreldre, sjølv om dei har vore synleg gjennom heie året.

– Vi ser ikkje at Espen har blitt meir poplært. Namnet har gått i utforbakke sidan 1970-talet, seier Folsland.

Assisterende helsedirektør Espen Rostrup Nakstad frykter at folk skal slappe for mye av nå som vaksinen er her.

KORONA PÅVERKAR IKKJE: Koronaåret ser ikkje ut til å ha påverka namnestatistikken. Namnet Espen har ikkje rykka opp, etter assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad i Helsedirektoratet.

Foto: Jil Yngland / NTB

– Mykje gamalt

– Her er det mykje gamalt, seier førsteamanuensis Ivar Utne i namnegransking ved Universitetet i Bergen (UiB).

Fleire av namna som er på topp i dag, var også vanlege for over hundre år sidan. Mange er opptatt av namna skal ha ein tradisjon i Noreg eller i slekta, meiner forskaren.

– Endringane går føre seg veldig sakte. På begge sider er det gamle kjenningar ute og går.

Ein annan trend er at folk blir inspirert frå utlandet, TV og film.

Vil ikkje ha namn på topplista

Det er vanleg at namna byter plass årleg. Emma var det mest populære namnet i fjor. No har namnet rykka ned til ein andreplass, medan Nora rykka opp.

Eit nytt namn på lista er Emil, som var populært for ti år sidan.

– Det er litt artig at Emil har slått til igjen, seier han.

Han understrekar at ni av ti foreldre gir barna andre namn enn dei som toppar namnelista.

– Eg merkar at folk prøvar å spreie seg litt meir enn før. Mange er opptatt av at dei ikkje vil ha namn på topp ti-lista. Andre vel namna bevisst fordi dei er trygge å bruke, seier Utne.

Navneforsker Ivar Utne

SPESIELL: Fleire foreldre vel ikkje dei mest populære namna, ifølge førsteamanuensis Ivar Utne i namnegransking ved Universitetet i Bergen (UiB).

Foto: Marit Stensby / NRK

Ti på topp i 2020

Jenter:

  1. Nora/Norah
  2. Emma
  3. Ella
  4. Maja/Maya/Maia
  5. Olivia
  6. Emilie
  7. Sofie/Sophie
  8. Leah/Lea
  9. Sofia/Sophia
  10. Ingrid

Gutar:

  1. Jakob/Jacob
  2. Emil
  3. Noah/Noa
  4. Oliver
  5. Filip/Fillip/Philip/Phillip
  6. William
  7. Lukas/Lucas
  8. Liam
  9. Henrik
  10. Oskar/Oscar