Hopp til innhold

Widerøe hadde hastverk med retur

Torsdag vart Sandane lufthamn Anda igjen opna for trafikk etter lengre tids stenging på grunn av utbygging.

Kaptein Arne Vaagenes og ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal.

- Velkomen attende, seier ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal (t.h.) og ber kaptein Arne Vaagenes om å helse resten av Widerøe-familien.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

  • Sjå TV-reportasje nedst i saka

Lufthamna i Gloppen har vore stengd dei siste seks månadane grunna utbygging. Då gjenopninga torsdag vart eit faktum, vart det diska opp med kaffi og kake til reisande og frammøtte.

Ein stornøgd ordførar, Anders Ryssdal, overrekte blome til Arne Vaagenes som den første flykapteinen attende på rullebana.

Kristoffer Rygg og Sverre Løken.

- Eg har traska her meir eller mindre kvar søndag for å følgje arbeidet, framdrifta og utviklinga. Eg har gledd meg kvar einaste gong, fortel Kristoffer Rygg (t.v.). I 1975 var han saman med Svere Løken med på å etablere flyplassen på Sandane.

Foto: Birger Meland / NRK

- Vi føler at blodpumpa går litt betre i lokalsamfunnet og heile Nordfjord. Eg er utruleg glad for at vi har Widerøe attende. Det har vore månadar der vi har hatt mykje meir tungvint, både oss i Gloppen og folk i heile Nordfjord, seier Ryssdal.

Kostar 120 millionar

Flyplassen vart stengd 1. mars i år på grunn av oppgraderingane for å møte internasjonale krav. Totalkostnaden når arbeidet er endeleg over 17. november neste år, vil vere 120 millionar kroner. Lufthamnsjef Jon Granheim seier at kring 70 prosent av arbeidet er gjort til no.

Mellom anna er tryggleikssonene på begge sider av rullebana på plass. Rullebana er forlenga, men tryggleikssona i begge endar skal vere ferdig til neste år. Til saman er det sprengt ut opp mot 90 000 kubikk fjell.

Lenge før tida

Ombordstigning i WF145 frå Anda

Dei første passasjerane som reiser frå Sandane etter gjenopninga.

Foto: Birger Meland / NRK

Og det første flyet, som kom frå Sogndal og skulle vidare til Gardermoen, hadde hastverk med å lande på Sandane att. Flyet var nær 20 minutt før tida.

- Det er heilt nydeleg. Dette har vi venta lenge på. Vi som har flydd her i årevis har sakna Sandane. Vi har floge over her og sett ned. No var det verkeleg hyggeleg å vere attende, seier kaptein Vaagenes.

Video Sandane lufthamn opna igjen

Sjå TV-reportasjen frå opninga av flyplassen på Anda.