Hopp til innhold

Kvivsvegen trugar Anda lufthamn

Når Kvivsvegen opnar neste år vil det bane veg for at Nordfjordingane droppar Anda lufthamn, meiner forskar Finn Ove Båtevik ved Møreforsking.

Sandane lufthamn

TRUGA: Anda lufthamn Sandane vil miste passasejerar når Kvivsvegen opnar, meiner forskar.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Allereie før Kvivsvegen opnar viser nye tal frå Møreforsking at mange innbyggjarar i Nordfjord alt føretrekk å reise nordover når dei skal ut og fly.

60 prosent av innbyggjarane i Hornindal og 28 prosent av innbyggjarane i Stryn brukar flyplassane i Ørsta og Ålesund framfor Sandane lufthamn.

Overraska

Forskar Finn Ove Båtevik er overraska over det høge talet, og meiner at ein viktig del av trafikkgrunnlaget for Sandane Lufthamn vil forsvinne heilt når Kvivsvegen opnar.

- Sandane lufthamn er ein av dei mindre flyplassane, og viss den får mindre passasjergrunnlag kan det gå ut over tilbodet og gjere det mindre attraktivt, seier Båtevik.

Situasjonen kan absolutt vere utfordrande for Sandene, meiner forskaren.

- Står Sandane lufthamna i fare for å bli lagt ned på sikt?

- Det er opp til andre enn meg å vurdere. Det er i alle fall ei utfordring i høve kva tilbod ein kan ha dersom ein mister passasjerar på nordsida av fjorden.

Hadde toppår i 2009

Ordførar i Gloppen Anders Ryssdal likar dårleg spekulasjonar om at lufthamna i kommunen står i fare for nedlegging.

- Eg vil tilbakevise påstandar om nedlegging. 2009 var eit toppår med 36 000 reisande, seier Ryssdal.

Ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal.

ORDFØRAR: Anders Ryssdal avviser nedlegging av Anda lufthamna

Foto: NRK

Han trur ikkje Kvivsvegen vil truge Anda dersom ein tilpassar seg den nye situasjonen.

- Eg trur at når Kvivsvegen opnar så er det viktig at vi ser på rutetidene, slik at folk i Nordfjord kan få eit unikt flytilbod, seier ordføraren.

Båtevik meiner at kortare reiseveg til lokke enda fleire nordfjordingar til å nytte flyplassane i nabofylket i nord.

- Når ein får den korte reisevegen frå Hornindal og Stryn, og for så vidt også Eid, så må ein forvente ein bra vekst på Hovden, seier Bårevik.