– Mangel på straum kan bety kroken på døra for nye grøne arbeidsplassar, seier gruppeleiar i Vestland SV, Marthe Hammer.
Tidlegare i mars var ho med på eit vedtak frå eit samla Vestland fylkesting på at regjeringa må greie ut spørsmålet om elektrifisering av sokkelen på ny.
I uttalen til Vestland fylkesting heiter det at dei «forventar at nettkundane i vårt produksjonsområde ikkje skal bera kostnaden med nasjonal klimapolitikk».
Vedtaket står i relieff til kva moderpartiet tidlegare har sagt om å elektrifisere sokkelen.
I april i fjor snakka finanspolitisk talsperson i SV, Kari Elisabeth Kaski om å «forsere elektrifiseringa av norsk sokkel».
No er signala annleis.
– Vi kan ikkje stelle oss slik at vi ikkje får nok straum til å utvikle nye grøne arbeidsplassar, seier fylkespolitikar Torbjørn Vereide (Ap).
KRITISK: Marthe Hammer (SV) meiner det blir heilt feil å hente straum frå land til å elektrifisere den norske oljesokkelen.
Foto: Ida Yasin Andersen / NRKRopar varsku om låg nettkapasitet
Politikarane i Vestland får støtte frå administrerande direktør Ketil Tømmernes i BKK Nett.
– Elektrifiseringa av sokkelen vil bidra til at tilkoplinga til nettet vil bli vanskelegare. Det betyr igjen at næringsutvikling, som ofte er kraftkrevjande, må vente på kapasitet, seier han.
Tømmernes karakteriserer forsyningssituasjonen på Vestlandet som «alvorleg» og kallar kapasiteten i nettet for ei «nasjonal utfordring».
– Regjeringa ser ikkje krisa i kraftnettet, og utbetringa går altfor sakte, uttala han i februar.
I dag kostar det rundt 700 kroner å sleppe ut eit tonn CO₂. For petroleumssektoren vil det vere bedriftsøkonomisk lønnsamt å elektrifisere sokkelen om rekninga per tonn vert lågare enn det.
LES OGSÅ. Når klimatiltalene vert skjerpa, rykker dei nærare kvardagen til folk
Trur SV vil vedta ny kurs
Lars Haltbrekken er Miljøpolitisk talsperson i SV. På landsmøtet i april trur han det blir vedteke ein ny kurs i partiet, der straum frå land ikkje lenger inngår i planane for å elektrifisere av sokkelen.
– Vi må bruke elektrifiseringa av sokkelen som motor for utviklinga av offshore vindkraft. Vi må også sørge for at oljeselskapa tek kostnaden, seier han.
Senterpartiet i Vestland er usikker på om elektrifisering av sokkelen vil gje noko miljøgevinst. Dette fordi gassen som blir erstatta med straum frå land i staden blir brent andre stader i verda.
– Det kan også føre til høgare straumpris og nettleige, seier fylkespolitikar Sigrid Brattabø Handegard (Sp).
– Einaste alternativ om vi skal halvere utsleppa frå sokkelen
Statssekretær i Olje- og energidepartementet, Tony Tiller (H), er oppgitt over signala frå Vestland.
Han viser til at eit stort fleirtal på Stortinget i fjor vår stod bak målsetjinga om å kutta utsleppa frå norsk sokkel med 50 prosent innan 2030.
– Det er umogleg å nå målet om halvering av utsleppa frå sokkelen utan at ein hentar kraft frå land, seier Tiller.
– Men kan ikkje flytande havvind erstatte kraft frå land?
– Flytande havvind har eit stort potensial på sikt, men det er heilt urealistisk at det kan bidra til at vi får halvert utsleppa frå sokkelen innan 2030. Til det tek det altfor lang tid å utvikle, seier han.
OPPGITT: Statssekretær Tony Tiller (H) i Olje- og energidepartementet meiner det vil vere umogleg å nå klimamåla utan å elektrifisere sokkelen med straum frå land.
Foto: Anders Fehn / NRK