Det blir mellom anna ingen vêrvarsling på lokalsendingane til NRK Sogn og Fjordane frå torsdag morgon.
Eit anna resultat av streiken er at vêrmeldinga på Dagsrevyen vil vere utan varsel for Vestlandet og Trøndelag.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Desse tenestene vil bli råka av streiken blant statsmeteorologane.
- Det blir ikkje daglege vervarsel for Vestlandet og Trøndelag verken på TV eller i radio.
- På yr.no vil tekstvarsel mangle for desse områda.
- Radiointervju med statsmeteorologane på NRK sine distriktskontor på Vestlandet og i Trøndelag vil utgå.
- Det vil ikkje bli laga vervarsel for fiskebankane i Nordsjøen og havområda i vest.
- Det blir ikkje spesialvarsel for høg vasstand, skogbrannfare, snøskredfare.
- Det blir ikkje laga varsel til sivil luftfart og helikoptertransport offshore
- Det vil heller ikkje bli laga spesialvarsel for farlege kyststrekningar, med unntak av spesialvarselet for Trondheimsleia