Dermed vert det dårleg med vervarsling på lokalsendingane i morgon tidleg, dersom streiken vert eit faktum.
– Vi vil ikkje gje nokre radiointervju i lokalsendingane, men det er jo ein del andre ting vi også produserer. Vi har jo mellom anna tekstvarsel vi lagar. Så generelt kan vi seie at dei daglege vervarsla for Vestlandet og Trøndelag vil bli råka, saman med varsla for Nordsjøen og fiskebankane, opplyser Karen H Doublet, regiondirektør i Meteorologisk institutt og sjef for Vervarslinga på Vestlandet.
Ber om unntak for storm
Ho peikar mellom anna på at det same gjeld spesialvarsel for til dømes høg vasstand, skogbrannfare og eventuell snøskredfare i høgfjellet.
– Dessutan vil det og råke vervarsling for den sivile luftfarten, seier Doublet, som vonar at partane kjem til semje i løpet av natta - slik at ein unngår streik.
Vermelding utan symbol
Eit anna meir kuriøst resultat av ein streik vil vere at vermeldinga på Dagsrevyen vil vere utan varsel for Vestlandet og Trøndelag.
– Det vil ikkje vere nokon symbol, og meterologane har ikkje noko varsel å presentere. Det vi vonar at vi får dispensasjon for er produksjon av kuling- og stormvarsel, og om det skulle dukke opp ein ekstremversituasjon, seier verdirektøren.