Hopp til innhold

Desse bilda kan gjere ho til årets bryllaupsfotograf i Europa

Frøydis Geithus (42) frå Sogndal er nominert i to klassar i Federation of European Photographers si årlege kåring av årets fotograf i Europa.

Frøydis Geithus brudebilde

IDYLL: Slike bryllaupsbilde har Frøydis Geithus tatt mange av. Dette er eitt av bilda som førte til nominasjonen.

Foto: Frøydis Geithus

Frøydis Geithus, fotograf

LIDENSKAP: Frøydis Geithus har hatt foto som lidenskap heile livet.

Foto: Gert Huygaerts

– Det er heilt fantastisk. Eg melde meg på i to kategoriar og finalist i begge. Det er eg veldig glad for, seier Geithus til NRK.

Laurdag kom nyheita at ho er finalist og inne på topp ti lista, både i kategorien for bryllaup og fashion. Svaret på om ho vinn får ho i starten av april. Då er det prisutdeling i Italia. Ho er ei av tre norske som er nominert, men den einaste i dei kategoriane.

Sjå fleire bilde lengre nede i saka.

Sogn og Fjordane til verda

42-åringen har hatt foto som sin store lidenskap sidan ho hadde arbeidsveke hos den kjente sogndalsfotografen Bjørn Bergum som 14-åring. Ho har vunne fleire fotoprisar i Norge og kan no også vinna prisen for årets fotograf i Europa.

Frøydis Geithus
Foto: Frøydis Geithus

– Eg har aldri vore med i denne konkurransen før, men eg melde meg på i år. Mine ambisjonar som fotograf er å få Sogn og Fjordane ut til verda, og om eg skulle vinna her kunne det hjelpt meg mot det målet, seier ho.

– Målet er å sette Sogn og Fjordane på kartet som ein bryllaupsdestinasjon, fortel Geithus.

Og det kan ho langt på veg ha klart allereie.

– Eg får nesten daglege meldingar frå fotografar frå heile verda som vil komme til Sogn og Fjordane for å ta bilde.

Geithus har vakse opp i Sogndal, men flytta til Oslo i 1997. Sidan 2000 har ho eigd sitt eige fotostudio i hovudstaden.

Draumeåret

I heile sitt yrkesliv har ho reist verda rundt for å læra av dei beste fotografane. Det siste året har vore ein draum for sogndølen.

– Eg har blitt ambassadør for Nikon i Norden. Der er eg den einaste dama og det er berre åtte til av oss. Det er utruleg stort, seier ho.

Då NRK snakka med ho søndag kveld sat ho på Kastrup flyplass i København, etter å ha vore og hatt eit føredrag i Århus.

– Men eg må få seie at eg er veldig audmjuk for alt det som skjer rundt meg. Eg hadde ikkje vore her utan kundane min, som lar meg styre på med brudebilda deira, seier ho.

Sjå alle dei nominerte her (ekstern lenke).

Her er eit utval av bilda som førte til nominasjonen, fleire finn du her (ekstern lenke).

Frøydis Geithus
Foto: Frøydis Geithus
brudebilde
Foto: Frøydis Geithus
Frøydis Geithus
Foto: Frøydis Geithus
Frøydis Geithus
Foto: Frøydis Geithus
Frøydis Geithus
Foto: Frøydis Geithus
Frøydis Geithus
Foto: Frøydis Geithus