Hopp til innhold

Departementet får selskap: Fleire seier nei til TikTok på telefonen

Justisdepartementet frårår å ha TikTok på arbeidstelefonen. Andre bedrifter følger etter.

Collage med bilde frå justisminister Emilie Enger Mehl på TikTok

GODT SELSKAP: TikTok har passert 2 milliardar brukarar verda over. Rett over halvparten av den norske befolkninga mellom 18 og 29 år brukar appen dagleg, viser ein rapport frå Ispos.

Foto: @emiliemehl8 / TikTok

Justis- og beredskapsdepartementet melde denne veka at deira tenestetelefonar ikkje bør ha TikTok eller Telegram.

Vedtaket kjem etter ei vurdering frå Nasjonalt tryggingsorgan (NSM).

Dersom det er behov for å ha desse appane, bør det vere på ei eiga eining som ikkje er tilknytt dei digitale systema for verksemda, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Hennar eigen mobilbruk har dei siste månadene vore gjenstand for fleire spørsmål, og ho har sjølv erkjent at ho burde vore meir open om at ho hadde TikTok på ein ugradert tenestetelefon.

– Eg ser at eg har vore for varsam og at den varsemda har skapt meir uvisse, forklarte ho til Stortinget i februar.

Uro knytt til den kinesiskeigde appen gjer også at andre verksemder har teke grep.

Nordmenn må ikkje vere naive

Førre veike melde Sky News at britiske myndigheiter truleg skal forby bruk av TikTok på regjeringsmedlemmane sine arbeidstelefonar.

Eit liknande forbod gjeld for regjeringstilsette i Canada og USA, og for medlemmer i EU-parlamentet.

I tillegg frårår internasjonale mediebedrifter som Sveriges Television, Danmarks radio og BBC bruk av TikTok blant tilsette.

NRK har ingen spesifikke retningslinjer for TikTok-bruk.

Les også Mehl tar selvkritikk – nå vil Frp legge saken død

Det har heller ikkje Finans Norge.

Jan Erik Fåne i Finans Norge seier til NRK at det er opp til kvar enkelt bank å ta sjølvstendige vurderingar.

Men sikkerheit er viktig for bransjen og difor er det bra at det er ein diskusjon om det, seier han.

Synest du sosiale medium samlar inn for mykje informasjon om brukarane?

Sparebanken Sogn og Fjordane er blant bedriftene som frårår sine tilsette å bruke TikTok på arbeidstelefonen.

– Vi ønskjer at våre tilsetje skal vere medvitne fordi vi forvaltar opplysingar om pengar, personar og selskap som kan vere interessante for etterretninga i andre land, seier Reiel Haugland, som er teknologidirektør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Han legg til at nordmenn ikkje må vere naive, men «medvitne på kva dei takkar ja til».

– Dette gjeld ikkje berre TikTok, men ei generell bevisstheit rundt kva våre tilsette deler på nett. Eg saknar også eit større faktagrunnlag og meir forsking i denne saka, slik vi faktisk veit kva trusselen er.

Reiel Haugland

Teknologidirektøren Sparebanken Sogn og Fjordane vil ikkje at dei tilsette i banken skal ha TikTok på arbeidstelefonen.

Foto: Marita Solheim / NRK

Ikkje noko verre enn andre appar

Erik Solheim i NRK Beta seier at TikTok ikkje er farleg.

– TikTok er ikkje noko verre på å samle inn informasjon om brukaren enn andre appar. Det er heller ikkje avslørt at TikTok delar informasjonen meir enn andre. Ingenting tyder på at TikTok gjer noko anna det brukaren takkar ja til.

Resepten hans er godt nettvit.

– Det held kanskje med kurs og god opplæring i kva du skal takke ja til. For NRK er det viktig å vere til stades på dei plattformene som folk brukar, seier han.

Medieforskar Magnus Hoem Iversen seier det er grunn til å behandle TikTok annleis enn andre appar på grunn av den geopolitiske situasjonen.

– Det er grunnleggande mistillit til kinesiske myndigheiter og kva dei vil gjere med våre data. Om TikTok er farleg, veit eg ikkje. Men det er absolutt ein risiko der.

Han meiner det er fleire grunnar til at bedrifter og verksemder vurderer TikTok-bruk ulikt, men at alle bedrifter bør ha retningslinjer knytt til bruk og cybertruslar.

– Det er litt rart om enkeltpersonar må ta ei sjølvstendig vurdering. Då må bedrifter støtte dei tilsettee med god opplæring slik at dei kan ta informerte val.