Hopp til innhold

To landsdelar kan juble meir over vêret enn resten

Alle er ikkje like heldige som Midt-Noreg og Nordvestlandet når høgtrykket vandrar sørover frå Nord-Noreg denne veka.

Vårstemning i Trondheim

VÅRSTEMNING: Det lakkar og lir mot vår, og det vil spesielt Trøndelag og store delar av Vestlandet få merke den komande veka.

Foto: Sidsel Helen Walla Saasen

– No er det veldig bra. Kjekt at det er vår, så vi får byrje å jobbe att, strålar maskinførar Morten Holsæter.

Maskinføraren er av fleire som jobbar med ny veg gjennom Førde sentrum i Vestland. I vinter har arbeidet med å tine grunnen stole mykje av arbeidstida.

Den neste vel veka blir det langt mellom kuldegradene på dagtid. Prognosane på yr.no viser at Vestlandet og Trøndelag går sigrande ut både når det kjem til temperatur og soltimar.

– Spesielt Nordvestlandet vil ha mykje sol og relativt greie temperaturar. Det ser ut til å vere fint og stabilt ut heile veka, seier vakthavande statsmeteorolog Ingvild Villa.

Det treffer godt med friluftsinteresserte Holsæter sine favorittvårteikn.

– At det byrjar å bli varmt i lufta og vi får komme oss ut i naturen att.

Pose og i sekk

Det har vore ein lang vinter, med kulde alt frå oktober. Vintersesongen enda 1,6 grader under normalen, og vart dermed den kaldaste sidan 2012/2013.

Takka vere eit høgtrykk i nord kan dei som elskar sol og vårlege temperaturar sjå fram til den komande vel veka.

I alle fall i nordlege delar av Vestland og Trøndelag, som ser ut til å få i pose og sekk når høgtrykket vandrar sørover.

– Dei får litt goda når høgtrykket ligg lenger nord, medan dei også får goda når det flyttar seg lenger sør, seier Villa.

Mest sol i vest

Nord-Noreg og Sørlandet får kvar sin del av godvêrsperioden. Utover i veka vil også Austlandet dra nytte av høgtrykket.

Det er også på Vestlandet at kvikksølvet truleg når høgast, med like over ti grader.

Vinteren har vore lengre enn vanleg, men no kjem det også ein bra godvérsperiode. Spesielt på Vestlandet og i Trøndelag.

Vinteren har vore lengre enn vanleg, men no kjem det også ein bra godvérsperiode. Spesielt på Vestlandet og i Trøndelag.

– Vestlandet ligg midt i smørauget og får pent vêr også når høgtrykket flyttar seg sørover. Det der dei som ser ut til å få mest sol denne veka, seier Villa.

Bør likevel vere obs

Sjølv om det kjem nedbør i både nord-, aust- og sør, så er det ikkje snakk om store mengder. Heller ikkje vinden vil skape dei store overskriftene.

Ingvild Villa, statsmeteorolog hos Meteorologisk institutt

– Det er litt vårstemning i starten av veka, konstaterer statsmeteorolog Ingvild Villa.

Foto: Meteorologisk institutt

Med andre ord blir det godt med moglegheiter for dei som vil byrje i hagen eller legge ut på ski. Alt etter kor mykje snø det er.

– Våren er i anmarsj, men det kan godt vere at vinteren kjem tilbake. I alle fall i Nord-Noreg, seier Villa.

Det er ikkje uvanleg med tosifra plussgrader i mars. Det er trass alt årets første vårmånad. Meteorologen har likevel eit lite obs å kome med.

Sjølv om gradestokken viser varme grader på dagtid, kan det bli blå temperaturar på nattetid.

– Om ein tenkjer å jobbe i hagen, så kan det vere greitt å vere obs på at plantar kan døy, og det kan bli glatt på vegane. Det er det einaste ein bør følgje med på, avsluttar ho.