Hopp til innhold

Vil ikkje ha krisepakke – men skal få sleppe å telje lakselus

Store delar av norsk næringsliv går tungt om dagen og krev krisepakkar frå staten. Sjømatnæringa står overfor fleire utfordringar, men dei vil ikkje ha pengar til hjelp.

Sjømat Norge. Norsk laks.

MEIR FRYST: Vanlegvis er fersk norsk laks ein stor hit, men no vil kundane heller ha fryst fisk.

Foto: Sjømat Norge

– Vi treng ikkje noka krisepakke, vi treng fleksibilitet, seier Øyvind Andre Haram i landsforeininga for havbruks- og sjømatnæringa, Sjømat Norge.

Framleis går hjula rundt i sjømatnæringa langs kysten, men ifølgje Haram er det ingen dans på roser.

– Det endrar seg dag til dag, vi veit ikkje kva som skjer i morgon.

I 2019 eksporterte Noreg laks og sjømat for over 100 milliardar kroner. Tal frå Sjømatrådet viser at det hittil i år har vore godt sal for norsk fisk.

Medan store deler av Europa har gått i «lockdown», går det framleis norsk fisk ut på middagsborda.

– Vi ser ei endring i marknaden. Kundane vil ha meir fryst fisk.

Den siste veka har lakseprisen gått nedover, medan kronekursen har vore til fordel for næringa.

No vil næringa ha meir fleksibilitet frå styresmaktene. Til dømes få ha meir fisk i merdane enn kva dei har kvote til, og unntak frå å rapportere lakselus.

I tillegg krev dei at fagetatar som Fiskeridirektoratet og Mattilsynet ikkje blir stengt grunna mangel på folk. Mattilsynet skriv til dømes ut papir som godkjenner fisken når den skal gjennom tollen til forskjellige land. Strengare grensekontrollar har gjort til at riktige tollpapir er viktigare nokon gong.

Fleire fryktar konsekvensen dersom karantene og sjukdom set dei tilsette ut av arbeid.

Øyvind Andre Haram

GÅR GREITT: Øyvind Andre Haram i Sjømat Norge seier det er utfordrande tider, men at salet går greitt. – Mat må jo verda ha, uansett.

Foto: Sjømat Norge

Vanskelegare logistikk

– Eg er spent på kva som skjer framover.

Elin Tveit Sveen eig og driv det vesle oppdrettsselskapet Marø Havbruk saman med mannen sin, på ei lita øy utanfor Florø i Vestland.

Dei siste vekene har norsk næringsliv fått kjenne korleis verda har stoppa opp. Ifølgje Sveen er foredlingsfabrikkar i Europa stengt ned, enten fordi folk er sjuke eller fordi foreldra må vere heime med ungane.

– Logistikken ut til marknaden er vanskeleg, fortel Sveen.

Ein som er samd er Karl Petter Myklebust i eksportørselskapet Bravo Seafood.

– Ting er meir usikkert, og spesielt logistikken er meir utfordrande, seier han.

Grensekontrollar har blitt oppretta for å hindre koronaviruset i å spreie seg, men det bremsar også norsk fisk. At flynæringa står på bakken, gjer at transporten til Asia og Amerika blir vanskelegare og dyrare.

Vil ikkje bli kriminell

– Er det aktuelt å be om noka krisepakke?

– Nei, det kan eg ikkje tenke meg. Denne næringa har tent pengar dei siste åra, så no må vi bruke dei pengane vi har på bok for å komme oss gjennom krisa, seier Sveen.

Hennar ønskje er at styresmaktene blir meir fleksible.

– Om ein oppdrettar ikkje får slakte fisken sin fordi ting skjer, så kan han ikkje bli kriminell fordi han har meir fisk enn han eigentleg har lov til.

Elin Tveit Sveen

TRENG FLEKSIBILITET: Elin Tveit Sveen seier næringa treng fleksibilitet framfor krisepakkar med pengar.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Tøft for nokon

Aktørane innanfor oppdragskveite og reker opplever no vanskelege tider.

– Det enkeltselskap som har store utfordringar. Til dømes når det gjeld oppdrettskveite. Her har ein opplevd 90 prosent salsnedgang på eit par veker. Her må vi sjå nærmare på kva som kan gjerast for å hjelpe til i ein sårbar situasjon, seier Haram.

Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) meiner det viktigaste for han blir å halde næringa på beina gjennom våren.

Fredag brukte han arbeidsdagen til å ringe til verksemder for å høyre korleis staten best mogleg kan hjelpe til.

– Vi er opptekne av å vere løysingsorienterte.

Han vil sikre at fagetatar, som Fiskeridirektoratet og Mattilsynet, har nok folk på jobb til å støtte sjømatnæringa.

No lovar han mindre byråkrati frå embetsverket.

– Vi ønskjer å lette opp og vere meir fleksible på enkelte reglar, til dømes rapportering av lusetal. Vi må sikre at sjømatnæringa kan drifte vidare på ein best mogleg måte i denne situasjonen.

Odd Emil Ingebrigtsen

VIL HJELPE: Fiskeri- og sjømatminister, Odd Emil Ingebrigtsen, har allereie satt inn tiltak for å hjelpe næringa. – Fleire tiltak vil komme om det er naudsynt, seier han.

Foto: Bodøregionens utviklingsselskap (BRUS)