Med seks poeng – og 17 plussmål – å gå på, er sjansen lik null for at Brann skal stikke av med «bøtta» som seriemeister i 1. divisjon. To kampar er att av sesongen.
Pokalen blir i dag frakta frå Oslo mot premieskåpet på Fosshaugane i Sogndal. Med tidlegare Sogndal-keeper, Frode Grodås, som fraktar og vaktar.
– Det blir hyggeleg. Det er stort og godt det dei har gjort. Det er godt den hamna der, humrar Grodås.
Hallén overrekkjer
Grodås er fagutviklar i Norges Fotballforbund, og far til Sogndal-back Victor Grodås. Etter planen overrekkjer fotballpresident Yngve Hallén pokalen etter søndagens oppgjer mot Sandnes Ulf. Slik som han gjorde i 2010.
- Les også:
Eitt poeng mot Sandnes Ulf, eller poengtap for Brann, gjer at ikkje ein gang teorien kan ta frå Eirik Bakke & co. seriemeisterskapen.
Skulle derimot Sogndal tape mot rogalendingane, og Brann vinne mot Nest-Sotra, får ikkje sogningane pokalen før neste helg.
– Ein premie i idrettskonkurranse bør i prinsippet skje når konkurransen er slutt, og det er heilt avgjort, seier Dag Vestlund, arrangementssjef hos NFF.
Håpar på 3 500 tilskodarar
– I fotball kan vi ha ein vinnar med ein, to, tre eller fire kampar att. For å få litt stas rundt overrekkinga, skal den skje på heimebane så seint som mogleg. Difor blir det ikkje heilt feil å dele ut pokal til Sogndal i deira siste heimekamp, held Vestlund fram.
- Les også:
- Les også:
Arrangementssjef i Sogndal Fotball, Geir Inge Heggestad, håpar på mykje folk og ei flott ramme søndag ettermiddag.
– Eg håpar og trur på 3 500. Det er Bendit Cup med 1 100 spelarar i helga, så det blir mykje folk. Trofeet blir toppen av kransekaka denne helga, seier han.