Hopp til innhold

Dei som kan bli mest sjuke av covid-19, testar seg minst

Risikoen for alvorleg sjukdom av covid-19 er høgare jo eldre ein er. Likevel er berre 8 prosent av dei som testar seg, over 60 år. FHI skulle ønske det var fleire.

Koronatesting ved Vennesla helsehus.

BERRE 1 av 10: Få over 60 her til lands testar seg for korona. FHI ber fleire, både unge og eldre, teste seg.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Sjølv om ei ny koronabølgje har skylt inn over landet i haust, syner statistikk at det er færrast av dei viruset kan råka hardast, som testar seg.

Mindre enn kvar tiande person som testar seg på teststasjonane i Bergen er over 60 år. Eit tal legevaktsjef Dagrun Waag Linchausen gjerne skulle sett var høgare.

– No bør vi ha låg terskel for å teste oss, og vi har god testkapasitet. Det er viktig å teste seg for tryggleiken sin del om ein kjenner på snue eller liknande.

I risikogruppa

Asbjørn Iversen på 64 år er ein av dei som ikkje har testa seg i haust, men seier at dei over 60 burde testa seg meir.

– Eg har vore frisk heile vegen, og alle eg kjenner har vore friske. Så eg har ikkje testa meg. Men dei eldre er jo i risikogruppa, så ein burde testa seg meir.

Kollega Torgeir Flagtvedt (56) er samd.

– Dei unge er meir ute på byen enn dei eldre. Og dei over 60 tenkjer nok på om dei tek opp plassen i testinga til dei som verkeleg treng det.

Tømrerkollegaene Asbjørn Iversen og Torgeir Flagttvedt.

INGEN FEST – INGEN TEST: Asbjørn Iversen (t.v.) og Torgeir Flagtvedt (t.h) trur festinga blant ungdom er årsaka til at dei unge dankar ut dei eldre i testinga.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

Veit om berre halvparten av smittetilfella

Det er ikkje berre eldre bergensarar som er underrepresentert i testinga.

Nasjonale tal frå Folkehelseinstituttet syner at knapt 11 prosent av alle som har testa seg i Noreg etter 1. juli er over 60 år.

FHI veit ikkje heilt kvifor det er slik, men at eldre er mindre sosialt aktive enn dei unge kan spele inn. Dei trur likevel at mange er smitta utan at dei veit om det.

– Vi reknar med at vi berre avdekkjer 50 prosent av smitten i samfunnet, seier overlege Preben Aavitsland ved FHI.

Han oppmodar både dei eldre og dei unge til å teste seg om ein har symptom, eller har vore i ein situasjon kor det kan ha vore smitte.

Legevaktsjefen i Bergen, Dagrun Linchausen.

ETTERLYS FLEIRE OVER 60: Både FHI og legevaktsjef i Bergen, Dagrun Linchausen, seier folk bør ha låg terskel for å teste seg.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

Dei i 20-åra testar seg mest

Det er dei unge mellom 20 og 29 år som står for dei fleste av testane. Heile 33 prosent, viser tala frå Bergen legevakt.

Noko som ikkje overraskar legevaktsjefen.

– Det er blant dei unge det er mest smitte. I haust har vi hatt koronautbrot blant studentar og frå ulike samankomstar med dei i den aldersgruppa.

Det har vore store utbrot i Bergen ved studiestart, men og den siste veka har tala auka på.

Trass i at få over 60 år er med i testinga, tenkjer legevaktsjefen i Bergen at dei er med på dugnaden.

– Vi har inntrykk av at dei eldre har stor respekt for smittevernreglane, og fylgjer dei.

Eldre dame 1 av 10

Berre ein av ti av dei som testar seg er over 60, trass i at dei er ein del av risikogruppa.