Hopp til innhold

Dei held vakt medan du feirar jul

FØRDE (NRK) Ikkje alle får vere heime i jula. På Luftambulansen må redningsmann Kjetil Leknes og pilot Kjell Ove Frøyset feire jul på jobb, langt vekke frå familiane heime.

Luftambulansen

BEREDSKAP: F.v. pilot Kjell Ove Frøyset og redningsmann Kjetil Leknes jobbar i veketurnus og er langt vekke frå familiane sine denne jula. Lege Bernhard Höllige har også vakt julaftan.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Det er litt trist å reise. Men når eg først har reist og er komen på jobb, så går det fint. Vi er ein fin gjeng her på jobben og vi skal kose oss, seier redningsmann Kjetil Leknes i Luftambulansen.

Han er frå Ørsta, og feirar i år jula på arbeidsplassen i Førde, utan familien. Som alle andre på Luftambulansen jobbar han veketurnus, og år kjem jula på hans veke. Her blir han fram til andre juledag

– Ungane dine, kva tykkjer dei om slikt?

– Dei klarer seg fint fram til julaftan, i alle fall. Men ut på kvelden blir det vel ein telefon heim, tenkjer eg. Det er litt tungt, men det skal gå fint, seier Leknes, som har seks år bak seg som redningsmann.

Over heile landet, på plattformene i Nordsjøen og på skip i fart er det mange tusen arbeidstakarar som er på jobb i jula. Send oss gjerne eit bilete av din arbeidskvardag i jula på Instagram, merka bileta med #nrkjul og trykk for å vise kvar du er i verda.

Dele oppgåver

Han har vakt saman med pilot Kjell Ove Frøyset frå Utvik og lege Bernhard Höllige frå Førde denne jula. Frøyset, som har vore pilot sidan 2003, dei siste 2 og eit halvt åra i Luftambulansen, seier turnuslivet har vorte ein vane.

– Vi veit lang tid i førevegen om vi skal ha vakt i jula eller ikkje, så det går greitt. Det skal bli hyggeleg på jobb. Vi har planlagt ein felles julemiddag mellom AMK, ambulansen og luftambulansen. Dette skal nok gå bra, seier Frøyset.

Redningstenesta har alt fordelt oppgåvene med julemiddagen seg i mellom.

– Vi i luftambulansen har ansvar for kålrotstappa, surkål og raudkål, smiler Frøyset.

For luftambulansen kan bli kalla ut på oppdrag når som helst, og då er det høgst ugunstig å ha svineribba ståande i omnen.

– Jo, det er best å sleppe å ha ansvar for dampinga, så kjøtet ikkje dampar turt, smiler Frøyset.

Vanesak

Leknes, som er tobarnsfar, hadde moglegheit til å byte vekk julevakta i år, då ein kollega tilbaud seg å byte. Men etter å ha teke det opp med borna, enda han likevel med julevakt.

– Hadde eg hatt fri julaftan, måtte eg ha reist tidleg 2. juledag og jobba romjul og nyttårsaftan. Då ville borna heller at eg skulle komme heim 2. juledag og ha den rolege romjula saman med dei, seier Leknes.

Han peikar på at etter ti år med turnus har den type liv vorte ein vane, både for han og familien.

– Noko av bonusen er at eg er heime i lengre periodar. Men nokre gonger er vanskelegare enn andre, og jula er kanskje blant dei, seier Leknes.

– Blir det gonge rundt juletreet?

– Ikkje akkurat gonge. Men juletre skal vi ha, ler Frøyset.