I spørsmålet ba Dåvøy helseministeren svare på om ho var villig til å revurdere avgjerda i departementet om å ikkje løyve midlar for drift i 2010 til senteret.
- LES OGSÅ:
- Sjeldan har eg opplevd eit så kort og avvisande svar. Ho svarar ikkje på spørsmålet, men er diverre også avvisande, seier Krf-politikaren om svaret ho fekk.
Søkte om 18 mill.
Dåvøy viste til den samrøystes merknaden senteret fekk i budsjettinnstillinga for 2010. Dei overlot til helseministeren å avgjere beløp.
Senteret
, men fekk til slutt same beløp som dei gjorde i utviklingsfasen, 2,5 milionar kroner.- LES OGSÅ:
- Eg kan opplyse om at Helsedirektoratet har stilt 2,5 millionar kroner til rådvelde for Senter for livsmeistring for 2010, med atterhald om Stortinget sitt vedtak tilsvarande beløp for 2011. Løyvinga skal brukast til førebygging og behandling av lette og moderate psykiske lidingar, skriv Strøm-Erichsen i svaret.
Overser merknad
Dåvøy er svært skuffa over det svært kortfatta og avvisande svaret.
- Ho går ikkje inn i saka i det heile og eg kjenner veldig sterkt at ho overser heile merknaden som også regjeringspartia var med på. Eg blir oppgitt, for dette er så avvisande gjort, seier Dåvøy.
Sju tilsette må gå
Som ein konsekvens av løyvinga må senteret redusere i drifta. Same året som senteret skulle kome i gang med auka aktivitet, misser sju tilsette jobben.
- LES OGSÅ:
- Det har ikkje vore noko løyndom at frå i år av skulle dei kome i gang med mykje større drift og ville trenge fleire midlar, seier Dåvøy.
Lova ikkje midlar
- Regjeringa har ikkje direkte lova fleire midler, og er du då overraska over eit slikt svar frå regjeringa?
- LES OGSÅ:
- Dei har søkt om 18 millionar kroner i år og regjeringa har ikkje lova at dei skulle få så og så mykje midlar. Men vi jobba veldig mykje i Stortinget med å få ein fleirtalsmerknad. Implisitt i den merknaden var det ikkje i mine tankar eingong at dei ville bli avspist med 2,5 millionar kroner som var det same beløpet dei fekk då dei hadde senteret under utvikling, avsluttar Dåvøy.