Hopp til innhold

Trappar ned på livsmeistringssenter

Frå 30. juni mister sju tilsette jobben ved Livsmeistringssenteret på Skei.

Senter for Livsmeistring på Skei i Jølster.
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Dei sju, som er tilsette i prosjektstillingar, deler totalt 3,5 årsverk. Ein fast tilsett ved senteret på Skei får halde i jobben.

- Nedbemanninga er i denne omgang mellombels, og eit direkte resultat av at regjeringa sa nei til vår søknad om 18 millionar kroner i årlege driftsmidlar, seier direktør Edith Aarebrot Madsen til avisa Firda.

Framleis håp

Livsmeistringssenteret fekk 2,5 millionar kroner i 2010 og like mykje i 2011. Avisa skriv at det reviderte budsjettet i Stiftelsen Bergen Diakonissehjem råkar 11 tilsette. Fire av desse i Bergen.

Aarebrot Madsen har likevel ikkje gjeve opp håpet om å kome i gang med aktivitet på Skei.

- Vi veit at det er behov for dei tenestene vi har planlagt på Skei. Det handlar mellom anna å gje pasientar med lettare psykiske problem eit behandlingstilbod, seier ho til avisa.