– 2,5 millionar betyr ei falgeg anerkjenning av tilbodet, men det inneber ei nedtrapping av drifta som er komen i gang i Jølster, seier direktør Edith Aarebrot Madsen.
Pengane strekk ikkje til
Ho er skuffa over at senteret ikkje får den drahjelpa ein hadde håpa på.
– For ein periode er vi tvinga til å trappe ned. Vi har ikkje økonomi til å drive vidare. Dei 2,5 millionane kan ikkje drifte dette.
Har planar om 20 tilsette
Livsmeistringssenteret på Skei har i dag 4,5 årsverk fordelt på åtte tilsette, og har opplegg og planar for opptrapping til kring 20 tilsette. Til dette søkte dei om 18 millionar kroner i støtte frå Staten.
– Det er berre så synd at når vi først har utvikla noko i tråd med Stortinget og regjeringa sine ønskje, og det står klart, så får ikkje vi setje igang. Samstundes er det eit skrikande behov i samfunnet etter desse tilboda. Det er ei skuffande for oss, seier Aarebrot Madsen
Gir ikkje opp
Ho trur likvel ikkje at det ferske senteret, som held til i det tidlegare hovudkvarteret til Heimevernet (HV10), må stengje. No skal det jobbast vidare for å betre økonomien.
– Vi håpar jo heile tida og vil stå hardt på for å få til noko meir. Men vi må sikkert tenkje i litt nye baner for å kunne få til eit tilbod på Skei, seier direktøren.
Senter for Livsmestring er eigd av Stiftelsen Bergen Diakonissehjem og har avdeling i Bergen og Jølster.