Hopp til innhold

Ber helseministeren om 18 millionar

Senter for Livsmeistring på Skei i Jølster har bede helseministeren om støtte til å drive eit fullverdig tilbod.

Senter for Livsmeistring på Skei i Jølster.

Senter for Livsmeistring ynskjer statleg støtte for å drive fullverdig tilbod om livsmeistring.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Leiinga for senteret hadde i førre veke møte med helseministeren for å be om midlar.

- Vi har søkt om 18 millionar frå 2010. Med full drift iløpet av ein treårsperiode, er det snakk om kring 30 millionar, seier prosjektleiar Hans Fredrik Grøvan.

Fryktar sparebluss

Klokka 13 i dag samlast Helsekomiteen for å leggje fram sitt framlegg til budsjett. Om Senter for Livsmeistring ligg inne, er uvisst. Dersom Staten ikkje stiller opp, kan ti millionar kroner, som allereie er nytta på senteret, vere forgjeves.

- Utan lovnadar om offentleg støtte, så vil ein risikere at dette arbeidet har vore forgjeves. Då blir det på ein sparebluss og redusert utgåve av livsmeistringssenteret, seier Grøvan, seier Grøvan.

Har fått til utvikling

Leiinga har arbeidd tett opp mot politikarar og helsekomiteen, og er oppmoda om å tenkje etter samhandlingsreforma som kjem i drift i 2012. I reformen får kommunane eit større ansvar for helsetenester.

- Senter for Livsmeistring har dei siste tre åra fått midlar over statsbudsjettet til utviklingstiltak. Dei har også søkt om midlar til neste år. No er dei over i ein driftsfase, seier komitémedlem Laila Dåvøy (Krf).

Helseministeren har ikkje vore tilgjengeleg for kommetar i saka.