Hopp til innhold

- Helseministeren må gripe inn

– Forslaget om å legge ned ungdomsavdelinga for Psykiatrisk Helsevern i Førde er så dramatisk at helseministeren må gripa inn, meiner Laila Dåvøy.

Laila Dåvøy
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Leiinga i Helse Førde har foreslått å legge ned avdelinga fordi helseføretaket ikkje får tak i barne- og ungdomspsykiater.

Dåvøy som er tidlegare statsråd og helsepolitiks talsperson i KrF, er rysta over nedleggingsforslaget og sender i dag brev til helseministeren.

– Eg tykkjer det er eit alvorleg forslag. Det er også eit negativt forslag for dei unge og familiane, så dette er dramatisk.

Vil gje tilbod andre stader

Fredag skal styret i Helse Førde avgjere om det er slutt for avdelinga i Førde som gjev eit tilbod til barn og unge som slit med psykiske problem. Helseføretaket ikkje får tak i barne- og ungdomspsykiater og administrasjonen har foreslått å legge ned avdelinga.

Dei foreslår heller å gje ungdommane eit tilbod i Bergen og å opprette plassar på Nordfjordeid eller i Sogndal der det i dag kun tilbod til vaksne.

Reagerer med sjokk og vantru

Både tilsette og pårørande har regagert sterkt på dette, seier Astrid Gytri i Landsforeninga for pårørande innan psykiatri.

– Eg har vore i kontakt med mange pårørande dei siste dagane, og dei også fortel om sterke kjensler. Det er med sjokk og vantru at Helse Førde vil leggje ned dette tilbodet som vi venta så lenge på.

Opprørte politikarar

Også Førde Arbeidarparti er opprørte. No vil dei få bystyret til å utarbeide ei fråsegn for å stoppa nedleggingsplanane.

– Vi meiner at Helse Førde-styret må påleggje ungdomspsykiatrisk klinikk å lyse ut dei ledige stillingane og på den måten få på plass den fagkompetansen som skal sikre eit godt tilbod i Sogn og Fjordane, seier seier Jorunn Eide Kirketeig i Førde Ap.

Håper statsråden kjem på bana

Og Dåvøy er så opprørt over nedleggingsforslaget at ho skriv brev til helseminsisteren.

– Eg håper at helseministeren kjem på bana og seier at dette ikkje går.