Hopp til innhold

Daniella fekk livet i førjulsgåve då bilen blei treft av ein stor stein

Daniella Nygård var sekund frå bli å bli knust av den 800 kilo tunge steinen.

Daniella Nygård

ENGLEVAKT: Daniella Nygård er ekstra glad for at det ikkje står ein tom stol på julaftan i år.

Foto: Erling Wåge

– Eg sa til ungane mine at eg var ekstra glad for å ete frukost med dei i dag.

Orda tilhøyrer 35 år gamle Daniella Nygård frå Stad i Vestland.

For det var ikkje gjeve at tobarnsmora kom heim frå kveldsvakta kvelden før.

Daniella arbeider som helsefagarbeidar og skulle ut og stelle brukarane i Vågsvåg like utanfor Måløy.

Det snødde tett og ho køyrde ekstra varsamt.

Så smalt det.

Bilen til Daniella Nygård skadd etter stein rasa ned frå fjellsida.

Etter ulukka vakna Daniella to gongar om natta og såg for seg at steinen rasa ned igjen.

Foto: Erling Wåge

– Lyden var grufull. Eg rakk ikkje å reagere, seier Nygård.

Ein stein på om lag 800 kilo losna frå fjellsida og trefte framme på bilen.

– Eg klarte ikkje å tenke korleis eg skulle gripe situasjonen. Eg tenkte eg måtte ringe brukarane og seie at eg blei sein, seier 35-åringen.

Hadde steinen treft bilen sekundet seinare kunne konsekvensane vore fatale.

– Eg har vore utruleg heldig og hadde englevakt. Livet er skjørt og ein blir litt meir takknemleg for kvardagen, seier Daniella Nygård dagen etter hendinga.

Daniella Nygård

– Ein blir meir reflektert etter ei slik hending.

Foto: Erling Wåge

Sist steinfall i 2013

Det er ikkje første gong det har rasa stein ned på denne strekninga.

Sist det var registrert steinfall på vegen var i 2013.

– Det er alltid tilfeldig når det skjer steinfall og eg vil ikkje seie at denne strekninga er noko meir rasutsett enn andre vegar i fylket, seier Rune Sverre Sande, driftsleiar nord i Statens vegvesen.

Vegen som går frå Måløy sentrum ender hos den populære turistattraksjonen Kannesteinen.

Kannesteinen

Den 3,5 meter høge steinen utanfor Måløy er blitt eit populært fotomotiv for turistane nord i Vestland fylke.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

– Trafikkmengda er litt høg utover der, så det er nok ein litt større risiko å treffe bilar der enn andre stadar, seier Sande.

Etter at steinen trefte bilen til Daniella vil dei vurdere om det er behov for fleire tiltak.

Vegen etter steinen raste ned frå fjellsida.

– Vi skal ha geologar som skal sjå området der steinen losna og om det krev sikringstiltak, seier Sande.

Foto: Erling Wåge

Mest rasfare i Vest og Nord

Vestland tronar øvst saman med Nord-Noreg i å vere staden der det er størst fare for å bli treft av ras.

Vestland fylke har åleine 32 prosent av alle registrerte skredpunkt, og over halvparten av alle skred treff vegar i Vestland.

Les også Strekningar med ekstrem rasfare blir nedprioritert

Anders Kjeldsen klarte så vidt å unnslippe da en svær stein braste ned på E16 i Gudvangen.

Troms og Finnmark kjem på andreplass med 23 prosent av registrerte skredpunkt. Nordland fylke kjem på tredjeplass.

Nordland og Troms og Finnmark har dei breiaste rasa.

– Fekk ein ekstra suss

Etter skrekkhendinga i Måløy var Daniella mest oppteken av komme seg vidare.

– Eg reiste rett på arbeid igjen og fullførte siste del av oppdraga våre.

Då ho til slutt var ferdig på arbeid denne kvelden var det nokon ho hadde ekstra godt i tankane.

– Eg gjekk inn på soverommet til ungane å gav dei ein ekstra suss, og var veldig glad for det, seier Daniella Nygård.

Daniella Nygård

I år blir førjulskosen på Flatraket i Stad sat ekstra pris på.

Foto: Erling Wåge