Hopp til innhold

Tone Damli og Aksel Hennie gifter seg på Sicilia

Tone Damli frå Sogndal og kjærasten Aksel Hennie gifter seg på den italienske øya Sicilia til sommaren.

Aksel Hennie og Tone Damli Aaberge

UTANLANDS: Ikkje uventa har Aksel Hennie og Tone Damli valt å gifte seg utanlands.

Foto: Jan Christian Jerving

Det er seoghør.no som melder dette.

Bryllaupet skal finne stad 1. august i byen Taormina, truleg på stranda, ifølgje nettstaden.

Søstera til Tone, Tale Damli Aaberge (25) og bestevenninna Eva Weel Skram (26) skal vere forlovarar for den profilerte artisten.

Eva Weel Skram Spellemann 2011

BLIR FORLOVAR: Eva Weel Skram.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Aksel Hennie skal ifølgje nettstaden ha valt faren sin, Morten Hennie, og skodespelarkameraten Nicolai Cleve Broch som sine forlovarar.

Ville også valt Taormina

– Taormina er kanskje den finaste staden eg har vore på, ei middelhavsperle som er så blendande vakker at det knapt er til å tru. Det er veldig reint og pent og skikkeleg, med perfekte postkortmotiv overalt kor du trur det, seier Se og Hørs eigen reisereporter Erik Valebrokk.

Han legg til at dersom han skulle ha gifta seg på nytt ville han også valt den idylliske staden.

Travel med både Idol og MGP

I tillegg til bryllaupsførebuingar har Damli travle tider. Denne veka startar realityshowet hennar «Tone» på TV2.

Ho er også aktuell med ny plate, i tillegg til at ho skal vere ein av dommarpanelet i Idol denne våren.

Sogndalsjenta skal også delta i den svenske Melodi Grand Prix, Melodifestivalen. 9. februar står ho på scena i delfinalen i Göteborg i duett saman med Erik Segerstedt.