Hopp til innhold

Tone giftar seg ikkje i Sogndal

Sommarbryllaupet til Tone Damli Aaberge og Aksel Hennie blir ikkje i Sogndal.

Tone Damli

GIFTAR SEG: Ifølgje manageren til Tone Damli Aaberge blir det truleg eit sommarbryllaup neste år, men ifølgje artisten sjølv blir det ikkje heime i Sogndal.

Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB scanpix

Det seier den unge artisten til VG Nett torsdag kveld. Då ho møtte avisa på Gardermoen letta ho litt på sløret om frieriet som har blitt ein stor snakkis i dag.

– Frieriet kom ikkje som julekvelden på kjerringa, men eg hylgrein då han gjekk ned på kne på ein restaurant i Paris, seier sognejenta til nettstaden.

Det var VG Nett som var først ute med nyhenda om at Tone Damli Aaberge og Aksel Hennie skal gifte seg, etter at Hennie fridde til popartisten. Paret blir rekna som eit av dei hottaste i Norge og har vore saman sidan 2009.

Damlie Aaberge har eit nært forhold til heimbygda, men det blir ikkje noko sommarbryllaup der.

– Eg er altfor vêrsjuk til det, seier ho til VG Nett og fortel at dei enno ikkje har bestemt seg for kor dei skal gje kvarandre sitt ja.

Tone Damli Aaberge blei landskjend då ho var med i Idol i 2005. Artisten frå Sogndal har gitt ut fleire plater dei siste åra. Aksel Hennie er ein av dei mest kjende skodespelarane i Norge, og har vore med i mange store filmar.