Hopp til innhold

Aksel fridde - Tone sa ja

Tone Damli Aaberge og Aksel Hennie skal gifte seg. Frieriet skjedde på ein romantisk tur til Paris.

Aksel Hennie og Tone Damli Aaberge

SKAL GIFTE SEG: No har Aksel Hennie og Tone Damli Aaberge forlova seg i Paris.

Foto: NRK.no

Det er VG Nett som fortel nyheita om eit av Norges hottaste par. Sognejenta har vore saman med Hennie sidan 2009. Dei to er sambuarar i Oslo og no har dei altså forlova seg i ein av verdas mest romantiske byar.

– Ja, eg kan stadfeste at Tone og Aksel har forlova seg i Paris, seier manager David Eriksen til nettavisa.

Han er manager for Damli Aaberge og har snakka med paret etter frieriet.

– Tone er veldig glad og lykkeleg no. Aksel fridde med ein flott ring. Det blir truleg eit sommarbryllaup neste år, seier han.

Tone Damli Aaberge blei landskjend då ho var med i Idol i 2005. Artisten frå Sogndal har gitt ut fleire plater dei siste åra. Aksel Hennie er ein av dei mest kjende skodespelarane i Norge, og har vore med i mange store filmar.