Hopp til innhold

Damene som samlar på julepapir

Har du tenkt over kor mange forskjellige julepapir som finst? På Stårheim i Eid er det ei dame som har over 20.000 forskjellige.

STOR GLEDE: Ein kasse med skrukkete julepapir var som ein forundringspakke då Norge Rundt var på besøk i 2009.

– Det er ein litt tussete hobby, ler Inger-Karin Starheim.

Inger-Karin Starheim

TUSENVIS: Inger-Karin Starheim held framleis på med hobbyen sin.

Foto: Odd Starheim

I mars 2009 sende Norge Rundt ein reportasje om nokre damer i Eid med den litt spesielle hobbyen. På nyåret hadde dei kosa seg med fangsten frå julaftan, og alt blei sett sirleg inn i permar, sortert etter mønster. Og ikkje minst beundra i sofaen etterpå.

Gleda var stor då reporter Harald Kolseth kom inn med ein kasse med brukt papir. Starheim var ei av damene som møtte Norge Rundt-teamet.

– Vi stryk julepapiret på vranga, så blir det skrukkete papiret fint som berre det, fortalde ho den gongen.

Likar gamle norske julepapir

Ni år seinare fortel ho at hobbyen framleis er til stor glede og at damene har jamlege treff.

– Vi er om lag 8–10 som møtast. Vi har det veldig kjekt. Vi har også ei gruppe på Facebook som heiter Julepapirsamlere.

Det heile starta då ho sjølv fekk familie og tok vare på julepapir for å bruke det opp att.

– Men mange var så fine at eg ikkje ville bruke dei. Eg høyrde om Else Os som samla og spurde korleis ho gjorde det. Det var jula 1997. Etter dette har eg fått masse spennande papir frå familie og vener.

Dermed har det blitt mange permar etter kvart.

Samlar på julepapir

GODT PASSA PÅ: Vener og familie tek seg litt tid med oppakkinga slik at Inger-Karin får papir ho kan samle på. Julepapiret blir stroke, skore ut i A4-format og lagt i plastlommer.

Foto: Privat

– Eg har 70 permar, sortert etter mønster. Eg har om lag 20.500 forskjellige motiv. Else har over 27.000.

Inger-Karin har fått vener og kjende til å ta med julepapir frå utlandet. Men dei det er mest stas med, er dei frå barndommen.

– Det er moro med dei gamle norske. Av og til får eg julepapir frå folk som har rydda hos foreldra. Dei gamle papira er kraftigare. Mange er kvite og har mønster i raudt og grønt. Etter kvart kom det fleire fargar og spesielt 70-talet hadde mange artige mønster.

Gamalt julepapir

FRÅ 1935: Det er ekstra stas med gamle julepapir.

Foto: NRK

God hjernetrim

Om sjølv om samlinga har blitt enorm i løpet av åra, finn ho enno papir ho ikkje har.

– Det er heilt utruleg kor mange som finns.

– Eg reknar med at du gler deg til julaftan?

– Ja, det gjer eg. Når barnebarna får pakkar, kjem dei bort til meg. Dei spør om eg har det julepapiret. Viss eg seier ja, riv dei av papiret. Har eg det ikkje, pakkar dei fint opp. Dei er godt opplærte, ler ho.

– Du huskar altså kva du har i samlinga?

– Ja, det gjer eg. Det er god hjernetrim.

Og når nyåret kjem, ventar nye gleder. Då skal nemleg julepapir igjen strykast og setjast i permar.

– Eg gler meg til januar. Det er den beste månaden.

Damer som samlar på julepapir

NORGE RUNDT: Her kan du sjå heile innslaget i Norge Rundt-sendinga 13. mars 2009. Reporter var Harald Kolseth og han gleda damene med ein stor kasse med brukt julepapir. Heidi Lise Bakke var ansvarleg for foto og redigering.