Hopp til innhold

Dagmamma i fengsel

Ei 37 år gamal dagmamma er i Bergen tingrett dømd til fengsel i sju månader for å ha brekt lårbeina til ein to år gamal gut.

I tillegg til fengselsstraff må kvinna betala guten 50 000 kroner i erstatning, samt 3000 kroner i sakskostnader.

«Retten finner bevist utover enhver rimelig tvil at tiltalte forsettlig forholdt seg som beskrevet i tiltalebeslutningen.», heiter det i dommen frå Bergen tingrett.

Hylte av smerter

I september 2004 passa 37-åringen guten på to år saman med fire-fem andre barn i sin eige heim. Då skal ho ha pressa han så hardt ned i barnevogna at guten brekte begge lårbeina.

Toåringen skreik av smerter og klarte ikkje å stå på beina då mora henta han, men likevel skal dagmammaen ha unnlete å tilkalla hjelp.

Mora måtte sjølv oppdaga at beina var brukne heime på stellebordet.

Eg fekk heilt panikk, og trudde han var blitt lam. Beina berre datt ut då eg la han på ryggen.

Mor til toåring i retten

Låg i strekk i ein månad

På legevakta blei det konstatert brot i begge lårbeina, noko legen som vitna i saka fortalde at elles berre skjer i bilulukker.

Toåringen låg i strekk i nærmare ein månad.

No har han ein vridningsfeil i det eine benet, og det er høgdeforskjell mellom beina. Det er endå uvisst om han kjem til å få varige mén av hendinga.

- Misbrukte tilliten frå foreldra

Ifølgje ibergen.no har retten i formildande retning lagt vekt på at dagmammaen var i ein svært stressa situasjon då overgrepet skjedde.

I skjerpande retning blir det vektlagt at tiltalte var i ein posisjon som profesjonell omsorgsperson for bornet, og misbrukte tilliten som foreldra hadde gitt ho.