Hopp til innhold

Då vesle Katerina kom til verda, kunne pappa reise frå krigen

Ukrainske menn får reise ut av landet med tre born. Då kona fødde i Noreg, kunne Dubograi-familien bli heil att.

– No er eg tre gongar så lykkeleg. Eg får lyst til å grine av glede, fortel Sergii Dubograi.

Endeleg er den ukrainske familien samla igjen i den vesle bygda Stongfjorden på Vestlandet.

– Eg skulle ønske alle historiene frå Ukraina hadde ein slik lykkeleg slutt, seier Antonina med ektemannen og sine tre born ved sin side.

Ukrainske familien Dubograi gjenforent i Stongfjorden, Vestland.

Etter fleire månader i usikkerheit er familien Dubograi endeleg heil igjen. Bak frå venstre: Antonina, Sergii og Olga (mor til Antonina). Framme frå venstre: Katerina (i barnevogna), Yaroslav (6) og Sasha (7).

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Barnet som endra alt

For fem månader sidan vart familien brått riven frå kvarandre.

Då Sergii saman med si høggravide kone Antonina og to born skulle flykte frå krigen, fekk ikkje pappa vere med.

Dei ukrainske reglane er klare: Alle menn mellom 18 og 60 år skal bidra i krigen.

Men det finst unntak – mellom anna om mannen har tre born som ikkje er 18 år gamle enno.

Så då Katerina kom til verda på Førde sentralsjukehus, kunne Sergii sette seg i bilen.

Tre køyredagar seinare var han framme i Stongfjorden.

– Gleda er vanskeleg å skildre med ord, seier Sergii med si nyfødde dotter i armane.

Familien Dubograi med nyfødte Katarina på Førde sentralsjukehus.

Sergii fekk sjå si nyfødde dotter for første gong over skjermen. – Katerinas fødsel forandra liva våre. Det er utruleg korleis denne babyen har retta opp igjen det øydelagde familieportrettet vårt, seier Antonina.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Eit liv i usikkerheit

Vegen fram til den lykkelege slutten har vore lang for familien Dubograi.

– Mi største frykt var at familien aldri blei heil igjen. At det var ein ledig stol rundt middagsbordet, fortel Antonina.

Denne babyen har lenge vore ein draum, men vi hadde inga aning om at ho ville bli fødd under krigen.

Sjølv om familien no er samla rundt bordet, er det likevel eit snev av usikkerheit i lufta.

Kor lenge Sergii får vere i Noreg, er det ingen som veit.

– Eg veit ikkje kor lenge det er lovleg at eg er her, seier Sergii.

– Det er veldig usikkert. Reglane kan endre seg fort. Det einaste vi kan gjere å vere lykkelege akkurat no. Det er det vi planlegg å gjere her i Noreg, så langt situasjonen tillèt det, seier Antonina.

Sasha og Yaroslav, ungane til Antonina Dubograi i Stongfjorden, Vestland

Familien og ungane Yaroslav og Sasha håpar ein gong å få reise heim til eit land i fred.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Vil tilbake til Ukraina

Enn så lenge er familien i trygge omgjevnadar fleire tusen kilometer frå heimen utanfor Kyiv.

Men ein gong håpar dei å returnere til heimlandet sitt.

– Vi ønsker å flytte tilbake til Ukraina, men vi er veldig glade for denne moglegheita til å ha ungane våre i sikkerheit, fortel Antonina.

Sergii og nyfødte Katerina i Stongfjorden, Vestland.

Etter fleire månader i krigen kunne Sergii omfamna dottera si i trygge omgjevnadar.

Foto: Oddmund Haugen / NRK