Hopp til innhold

Overlevde økseåtak – takkar lokalsamfunnet

ASKVOLL (NRK): Cecilie Utne (61) vart angripen med øks i eigen heim. Ho klarer ikkje å sjå for seg angrepet, men minnest alle lydane.

Cecilie Utne vart angripen med øks

MOR OG DOTTER: Utan at ho visste om det har borna til Cecilie Utne oppretta ein innsamlingsaksjon på Facebook.

Foto: Ola Weel Skram

Det er midt på natta 21. juli. Cecilie Utne ligg heime i senga si og søv.

Så kjem ein 19 år gamal mann inn på rommet hennar og går til åtak med ei øks.

– Det var mange lydar. Eg ser ikkje mykje, men eg høyrer alt, seier Utne.

Ei kvinne i naborommet får med seg bråket, og prøver å avverje åtaket.

– Eg hadde ikkje vore her i dag, hadde det ikkje vore for ho. Det kunne gått så mykje verre, seier Utne.

– Eg høyrde kjende stemmer

NRK møter ho og dottera på Smedhuset Kafè i Askvoll, som ho sjølv driv.

Åtaket mot Utne skjedde på den 150 år gamle lensmannsgarden i Askvoll, der ho jobbar med å lage eit retreatsenter. Eller som ho sjølv beskriv det i ein reportasje i avisa Firda: «Ein stad der folk kan kome og få hjelp, finne ro og få tryggleik».

Politiets operasjonssentral vart varsla om hendinga klokka fire om natta, og første politipatrulje frå Førde vart send mot staden like etter.

Det lokale brannvesenet var først på staden og tok hand om Utne, som hadde skadar i hovudet og ein arm.

– Eg høyrde kjende stemmer, noko som var fantastisk, seier Utne.

Halv seks om morgonen vert ho sendt til Førde sjukehus med luftambulanse. Skadane var ikkje livstrugande.

Sikta for drapsforsøk

Den 19 år gamle mannen vart arrestert utanfor huset. Han ringde sjølv til politiets operasjonssentral.

Mannen er sikta for drapsforsøk, og for kroppskrenking mot kvinna som prøvde å avverje angrepet. Han er førebels ikkje avhøyrd på grunn av helsetilstanden.

Politiet kan ikkje seie noko om kva som skjedde på grunn av etterforskinga.

NRK har vore i kontakt med Bente Hermansen, som er forsvarar til den sikta. Ho har ingen kommentar utover at klienten hennar enno ikkje er avhøyrt.

– Alle har vore så gode

I dag er Utne tilbake i bygda der alt skjedde.

– Det har vore mange menneske som har brydd seg. Alt frå folk på sjukehuset til politiet. Alle har vore så gode, seier ho.

Folk har vist omtanke gjennom helsingar, blomar og mat.

– Det finst ikkje ord for kor mange som har brydd seg.

Cecilie Utne vart angripen med øks

TAKKSAM: – Det er uverkeleg. Eg er så takksam for dei fine folka, seier Cecilie Utne. Her saman med dottera.

Foto: Ola Weel Skram

Samla inn over 60.000

Utan at ho visste om det har borna hennar oppretta ein innsamlingsaksjon på Facebook.

Pengane skal halde prosjekta til Utne flytande til ho kjem seg på beina igjen. Fram til no er det samla inn meir enn 60.000 kroner.

– Det er uverkeleg. Eg er så takksam for dei fine folka, seier Cecilie Utne.