Hopp til innhold

Lovar å gjere campingsommaren korona-trygg

Campingane ventar stort trykk av norske turistar i sommar. I Olden i Stryn førebur dei ein koronatrygg campingferie.

Cecilie Sunde og Per-Johnny Tenden ved Oldevatnet Camping.

ANNLEIS: Sjølv om campingsesongen vert annleis og koronakrisa gjer ting vanskelegare, håpar Cecilie Sunde og Per-Johnny Tenden på ein god sommar.

Foto: Roar Tenden

– Me må ha fokus på norske turistar. Eg trur ikkje vi får mykje besøk av utanlandske gjestar i år, seier Cecilie Sunde.

Ho eig Oldevatn Camping i Olden i Stryn. Som mange i reiselivsnæringa, bur ho seg på ein annleis sommarsesong.

Men ho kan love ein ting: Det skal vere smittetrygt å vere campinggjest.

– Det skal vaskast minimum ein gong for dagen, har me fått beskjed om, men det blir langt fleire hjå oss!

Dei har hatt nær kontakt med smittevernlegen i sin kommune, og Sunde understrekar at også campingturistane må ta eit hygieneansvar.

– Den aller viktigaste jobben gjer gjestane sjølve. Dei må passe på å vaske henda hyppig og passe på at ungane vaskar hendene, seier ho.

God dialog

Allereie no merkar campingane at nordmenn er ivrige reisande. I Lodalen i Stryn måtte dei avvise fleire i finvêrshelga som var. Også i Lofoten nytta mange høvet til å dra på camping.

– Me veit det vil bli mykje campingturisme, og me hadde møte seinast i dag for å diskutere forsvarlege løysingar for drift, fortel Thomas Vingen Vedeld, kommuneoverlegen i Stad.

– Om ikkje campingane får drive innanfor det som er forsvarleg, vil me få løysingar med villcamping og tilstandar som me ikkje ønskjer oss.

Han er også smittevernansvarleg i den populære campingkommunen. Vedeld seier han opplever dialogen med næringa som god.

Thomas Vingen Vedeld kommunelege stad

ANSVARLEG: Thomas Vingen Vedeld, kommuneoverlegen i Stad, ber om at alle følgjer smittevernreglane også i sommarferien.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Bransjen ønskjer å ta sitt ansvar og finne gode løysingar. Til sjuande og sist er me avhengig av at den enkelte campingturist gjer sitt for å etterleve råda.

Mange vil velje bil

– Me håpar flest mogleg nordmenn brukar høvet til å utforske sitt eige land, seier Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord.

Han er blant dei som forventar seg mykje norske bilturistar denne sommaren. Dermed må campingplassane vere smittetrygge.

– Når næringa no opnar opp att, gradvis, så vil dei ta smittevern på høgste alvor, seier Brandshaug.

Innovasjon Norge seier dei allereie no merkar at mange kjem til å velje noregsferie denne sommaren.

– Ut frå søk på våre nettsider, ser det ut til at fleire nordmenn ønskjer å feriere med bil, fortel Bente Bratland Holm, reiselivsdirektør.

Toalett i drift som normalt

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen Vest, Svenn Egil Finden, fortel at også toaletta langs rasteplassane vil vere klare for opne som planlagt. Dei førebur seg på mykje trafikk.

Dei skal også sørga for hyppigare og forsterka reinhald for å følgja krava frå Folkehelseinstituttet. I tillegg blir også brukarane gjort ansvarlege for å vareta reinhaldet.

– Kort sagt handlar det om å gjere normalt reint etter seg.

Svenn Finden

VIKTIG INFRASTRUKTUR: Svenn Egil Finden i Statens vegvesen, meiner toalett utgjer ein viktig del av infrastrukturen langs norske vegar. – Det er viktig å halde ope for at det skal fungere godt for folk å reise.

Foto: Oddmund Haugen / NRK