Hopp til innhold

Byter ut plast med bioplast – men også den er miljøskadeleg

Biologisk nedbrytbar plast er ikkje den enkle løysinga på problemet med plastforsøpling i naturen. Også slik plast kan vera skadeleg for miljøet viss den hamnar på feil stad.

Eivind Myrdal, leiar Bergen bondelag

PROBLEMPLAST: Eivind Myrdal i Bergen bondelag trur nedbrytbar plast kan vera bra viss den faktisk forsvinn fullstendig.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg har tru på nedbrytbar plast, men berre viss den faktisk er det. Ikkje viss plasten berre går i småbitar. Den må gå fullstendig i oppløysing, akkurat som papir.

Det seier leiar i Bergen bondelag, Eivind Myrdal.

Han står ved dei femti rundballane han har liggande utanfor løa si i Jordalen.

Plasten som han og bønder flest pakkar høyballane inn i, er frå fossile kjelder og langt frå nedbrytbar. Kvart år går det med enorme mengder av plast til dette.

Tar tusen år

Ifølge ei studie blir 86 prosent av rundballeplasten samla inn og resirkulert. Opptil 14 prosent hamnar dermed som søppel i skog og elvar.

Hamnar dagens landbruksplast i naturen, vil den ligga der i hundrevis, kanskje tusen år.

Kravet for at plast kan kallast biologisk nedbrytbar, er at mikroorganismar bryt den heilt ned til karbondioksid (CO₂) og rein jord (biomasse) innan rimeleg tid der den faktisk blir lagt til nedbryting.

Gunhild Bødtker og Eivind Bastesen, forskarar i NORCE.

NEDBRYTBAR PLAST: Norce-forskarane Gunhild Bødtker og Eivind Bastesen studerer ei jordprøve forureina med plast.

Foto: Andreas R. Graven / NORCE

I ein fersk EU-rapport har forskarar frå mange land undersøkt kvar og når bionedbrytbare plastprodukt kan vera eit betre alternativ for miljøet enn vanleg plast.

– Bionedbrytbar plast kan vera ein del av løysinga for å handtere plastforsøpling i miljøet, men det er ikkje Løysinga med stor L.

Det seier forskar Gunhild Bødtker ved Norce, som har vore med på å laga rapporten.

– Uansett bør også nedbrytbar plast heller bli samla inn og handtert av avfallssystem enn å enda opp i naturen.

– Bruk mindre

Forskarane tilrår å avgrensa bruken og ikkje legga opp til at vanleg plastemballasje for folk flest skal vera biologisk nedbrytbar.

– Ein tenker gjerne at den er bionedbrytbar og miljøvenleg, og at det ikkje gjer noko om den hamnar i naturen, men slik er det ikkje. For dei fleste plastprodukt er det best å redusera forbruket og legga til rette for gjenbruk og resirkulering, seier Bødtker.

Forskarane meiner likevel at bionedbrytbar plast kan ha spesifikke bruksområde der det er vanskeleg eller umogleg å rydda opp plasten. Dei nemner tre døme:

  • Fiskeutstyr som ein gjerne mister i havet.
  • Fyrverkerirakettar som hamnar veldig tilfeldig ute i naturen.
  • Jordbruksplast på åker som kan pløyast ned i jorda etter bruk.

Skadar den jorda?

Men forskarane er usikre på om bionedbrytbar landbruksplast faktisk blir heilt broten ned før ein tilfører jorda ny plast.

– Det blir snakk om ganske store mengder og ein har ikkje nok kunnskap om dei langsiktige følgjene for jordhelsa ved bruk av slik plast. Me bør ikkje skapa nye problem som erstatning for dei gamle.

Dei tilrår at det må på plass meir kunnskap og tydelege reglar for å tillata at biologisk nedbrytbar landbruksplast blir pløgd ned i jorda.

Gry Ingvild Agjeld, Vestland bondelag

BIOPLAST: Gry Ingvild Agjeld i Vestland Bondelag meiner plastbruken i landbruket må bli meir miljøvenleg.

Foto: Privat

Styremedlem Gry Ingvild Agjeld i Vestland Bondelag helsar forsking på og reglar for nedbrytbar landbruksplast velkommen.

– Me må kunna klara å gjera på ein meir miljøvenleg måte, utan bruk av plast frå fossile kjelder. Det er absolutt ønskeleg. Men det viktige er at desse produkta ikkje må skada verken jordhelse eller miljøet generelt. Det spørst om det er mogleg å pløya så store plastmengder ned utan å skada jordstrukturen.

Samstundes må bionedbrytbar plast ha god nok kvalitet.

– Me er jo avhengig av god fôrkvalitet. Det er ein ganske avansert plasttype me brukar i dag, som både skal vera fleksibel og sterk, seier Agjeld.

Miljøet avgjer farten

Sjølv om forskarane seier det er mange utfordringar, meiner dei biologisk nedbrytbar plast kan vera riktig strategi på nokre felt.

– Der det er sannsynleg at plasten uansett endar opp i naturen, er det betre at den er bionedbrytbar og blir borte om nokre månadar eller år, enn å bli liggjande der i hundre- eller tusenvis av år, seier Bødtker.

Ho understrekar at biologisk nedbryting ikkje berre handlar om eigenskapane til plasten, men også om føresetnadane i miljøet der plasten endar opp.

– Nedbrytingsfarten kan bli vidt forskjellig om den hamnar i jord, ferskvatn eller saltvatn. Det er også avhengig av temperatur og kva mikroorganismar som er til stades.

Derfor må sertifisering for slik plast gjelda for spesifikke miljø.

– Plast som skal pløyast ned må til dømes bli testa og godkjent for nettopp det.

Forvirrande

Forskarane seier det hastar med god og riktig merking av plastprodukta. Dei åtvarar også om at det kan bli for komplisert for forbrukarane å behandla plastavfall riktig viss det blir mange ulike plasttypar med ulike reglar for resirkulering eller nedbryting.

– Blir det for komplekst, blir forvirring og feil handtering av avfall meir sannsynleg. Dette er ein tilleggsmotivasjon for å avgrensa bruken av bionedbrytbar plast, seier Bødtker.