Hopp til innhold

Nye smitteverntiltak for bergensarane – lov å ha besøk av maks fem gjestar

Sidan starten av april har Bergen slite med å få smittetala ned. Byrådet strammar til nokre tiltak, men opnar også opp for at bergensarane kan ha fleire på besøk.

Pressekonferanse om koronasituasjonen i Bergen

STRAMMAR OG OPNAR: Byrådsleiar Roger Valhammer (t.v), helsebyråd Beate Husa og smittevernoverlege Frank van Betten informerte om tiltak som skal gjelda i Bergen fram til 26.mai.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Etter tre veker med lokale tiltak har ikkje smittetala gått ned i vestlandshovudstaden. Tvert om har dei auka litt og det er utbrot på utestadar, skular, høgskular og universitet.

– Me står i ein situasjon det er veldig utfordrande å finna rett medisin til. Me har levd med strengare tiltak enn dei nasjonale, utan at me har fått smitten ned. Samstundes har me heller ikkje fått den smitteauken som me frykta.

– Situasjonen kunne vore verre, men den skulle helst vore betre, seier byrådsleiar Roger Valhammer (Ap).

OPPTAK: Sjå heile pressekonferansen med byrådet i Bergen.

Endrar regel om besøk

Han lista deretter opp smitteverntiltaka som skal gjelde for Bergen fram til 26. mai:

  • Forbodet mot å ha fleire enn to gjestar på besøk, blir utvida til maksimalt fem personar. Taket på personar som samlar seg innandørs er sett på maksimalt ti.

– Hovudarenaen for smitte er framleis i private besøk. Men det er viktig for folkehelsa at folk kan få møtast, sørleg i ein periode med viktige høgtidsdagar. Me oppfordrar likevel sterkt til at folk held avstand i private besøk, og at ein prøver å møtast ute i staden for inne, forklarar Valhammer.

Regelen kjem likevel med eit viktig unntak; den gjeld ikkje for dei som er vaksinert eller har hatt korona dei siste seks månadane, bekreftar byrådsleiaren til BT etter pressekonferansen.

Det betyr at ein kan ha besøk av fem personar, samt to vaksinerte besteforeldre til dømes, så lenge makstalet er 10.

Strammar til på skjenkestadane

Vidare gjeld desse tiltaka:

  • Held fram med raudt nivå på skular som har smitteutbrot
  • Held fram med munnbindpåbod
  • Skjenkestader får noko strengare reglar. Gjester som ikkje er frå same husstand, må halda ein meters avstand under heile besøket.

– Ein må også identifisera seg ved inngangen. Lydnivået må også haldast på eit nivå som gjer at folk kan prata saman med god nok avstand. Utelivsbransjen er ikkje den arenaen som har vore verst til no, men eit utbrot på ein utestad den siste tida uroar oss, seier Valhammer.

  • Klar anbefaling om heimekontor
  • Verksemder som har hatt stengd som eit tiltak retta mot barn og unge, kan no opna igjen.

– Det viktigaste me kan gjera, er at folk skrur på koronahjernen igjen. Å etterleva desse reglane skal vera nok for å få kontroll, om vi følgjer dei saman, seier Valhammer.

Hectors hybel i Bergen sentrum.

UTBROT: Over 30 smittetilfeller kan knytast til personar som har vore på utestaden Hectors Hybel. 20 er smitta etter å ha vore der, medan ytterlegare 12 nærkontaktar har fått påvist smitte. No strammar byrådet noko inn på reglane, men dei stenger ikkje utestadane.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Vaksine nummer 100.000 sett i Bergen

Også helsebyråd Beate Husa er oppteken av å mane til innsats for smitteverntiltaka.

– Eg vil oppfordra sterkt å redusere talet på nærkontaktar. Alle må halda ein meter avstand, helst to til dei som ikkje høyrer til husstanden, sa Husa.

Ho ynskjer innbyggjarane i Bergen ei god og trygg langhelg, med nasjonaldagsfeiring og fint vêr i vente.

– Vi har også ein gledeleg nyheit i dag, og det er at vaksine nummer 100.000 er sett i Bergen i dag, seier Husa.

Låge smittetal onsdag

Onsdagens smittetal er av den meir positive sorten.

På 2128 testar er det funne 25 nye smittetilfelle det siste døgnet. 24 av dei er nærkontaktar.

Snittet dei siste sju dagane ligg likevel på kring 33,5 smitta kvar dag, noko som er høgare enn den første veka etter at dei lokale tiltaka vart innført 20. april.

Erklærte seg inhabil

Når byrådet i Bergen i dag presenterer smitteverntiltak for tida framover, har ikkje smittevernoverlegen med ansvar for pandemihandteringa bidrege.

Dette fordi Egil Bovim har erklært seg inhabil. Han deltok heller ikkje i revisjonsarbeidet med forskrifta som vart sett i verk 3. mai.

Årsaka er at sonen hans er leiar på Energisenteret for barn og unge på Haukeland universitetssjukehus, som spesifikt blir nemnd i forskrifta. Det er difor Frank van Betten som har vore med å vurdere dei siste forskriftene.

– Det er ikkje noko ulempe at han, som inntil nyleg hadde denne stillinga, varetek denne oppgåva. Ved eventuelle seinare forskrifter, som ikkje omhandlar energisenteret, er eg sjølvsagt ikkje inhabil, seier Bovim til NRK.

Det har vore mange og raske endringar i smittevernoverlege-situasjonen i Bergen det siste året:

Egil Bovim på pressekonferanse om koronasituasjonen i Bergen.

INHABIL: Assisterande smittevernoverlege Egil Bovim på pressekonferanse med Bergen kommune 16. april. I dei to siste revisjonane av forskrifta, har han erklært seg inhabil.

Foto: Marit Hommedal / NTB