Hopp til innhold

Smitteutbrot blant studentar i Bergen: – Veit at smitta har vore på utandørsfest

Fleire studentar i Bergen er smitta av korona etter «ulike sosiale samanhengar» i helga. Smittevernoverlegen vil at folk som har vore på utandørsfestar og mistenker at dei er smitta, går og testar seg.

Høgskulen på Vestlandet, Bergen

UTBROT: Fleire studentar ved Høgskulen i Vestland, campus Bergen, er smitta av korona.

Foto: Høgskulen på Vestlandet

Smittetala i Bergen ser ikkje ut til å gå noko særleg ned.

Torsdag blir det meld om 46 nye smittetilfelle. Halvparten av dei er mellom 20 og 29 år.

Smittevernoverlege Egil Bovim seier til NRK at dei som er påvist smitta i dag, testa seg 4. eller 5. mai.

– Vi ser denne veka, som førre veke, at det er ein auke i smittetala utover i veka. Det passar med auka smitte i helgene, meiner Bovim.

Torsdag ettermiddag melder Høgskulen på Vestlandet at fleire av deira studentar i Bergen er bekrefta smitta av koronaviruset.

– Det er smitteutbrot i samband med ulike sosiale samanhengar i Bergen i helga som var. Fleire studentar er sett i karantene og mange har testa seg, seier rektor Gunnar Yttri.

Folk i Nygårdparken i Bergen lørdag kveld.

1000 PERSONAR: Ifølge politiet sine teljingar, var kring 1000 personar samla i Nygårdsparken i Bergen laurdag.

Foto: Tipser

Veit at smitta har vore på utandørsfest

Då kommunen måndag forlenga strenge smitteverntiltak i Bergen, kom helsebyråd Beate Husa (KrF) med kraftig skyts etter fleire store utandørsfestar gjennom helga.

Mellom anna i Nygårdsparken, der politiet trur kring 1000 personar var samla i finvêret laurdag kveld. Husa kalla festane for uansvarlege og kritikkverdige, sjølv om dei var utandørs.

Årsaka er at det var utfordringar med avstand og omsyn til smittevernreglar.

– Vi er kjent med at det var personar med smitte på utandørsfest i Nygårdsparken i helga som var, seier Husa til NRK torsdag ettermiddag.

– Vi tilrår dei som har vore på slike samlingar om å teste seg, om dei mistenker at dei er smitta. Dei må også unngå å smitte andre, medan dei ventar på svar, seier smittevernoverlege Bovim.

Det er førebels ikkje kjent om utbrotet blant studentane på høgskulen kan knytast til utandørsfestane som har vore.

– Det er ikkje berre studentar som har vore på fest i helga, så det er viktig at vi no ikkje driv å peikar på spesielle grupper. Alle er nøydde til å ta ansvar, seier Husa.

Nygårdsparken, Bergen, festing 3. mai 2021

GOD STEMNING: Mange nytta moglegheita til å kose seg i vårsola i Bergen førre helg.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

Fryktar «superspreiarar»

I si vekevise risikovurdering av situasjonen i Bergen, skriv Bovim at han fryktar at smitta personar med lite eller ingen symptom kan fungere som «superspreiarar» på slike samlingar, sjølv om det er utandørs.

– Det kan bli ei nesten umogleg oppgåve å gjennomføre effektiv smittesporing viss det kjem smitteutbrot, åtvarar Bovim.

Høgskulen på Vestlandet skriv ikkje noko om kor mange studentar som har fått påvist smitte etter helga som var.

– Vi tek høgde for at vi vil få ein del nye bekrefta smittetilfelle blant studentane våre framover. Vi er tett på situasjonen og følgjer opp, seier Yttri.

Husa er uroa over langhelga som er i vente. Det er også meldt fint vêr.

Vi kan ikkje ha slike scener som vi hadde førre helg. Då vil vi raskt få ein veldig krevjande situasjon i Bergen, seier Husa.

Utbrot av indisk variant

Samstundes som kommuneleiinga er uroa over utandørs og innandørs festing, har eit nytt raudlys dukka opp på Universitetet i Bergen.

Her har ein tilsett fått påvist den indiske varianten av koronaviruset. Det blir jobba med å bekrefte indisk variant hjå fire til. Truleg skjer ikkje det før neste veke.

Etter alt å døma snakkar ein likevel om det første utbrotet med den indiske varianten i Noreg.

– Vi både fryktar og mistenkjer dette, det er klart, men vi veit ikkje noko meir førebels, seier rektor Margareth Hagen til BT.

Smittevernoverlegen seier dei jobbar med å slå det ned. Det er ingenting som tyder på at det er ukontrollert smitte i utbrotet.

Førebels veit dei at varianten er omtrent like smittsam som den britiske, men at den ser ut til å gi mindre alvorleg sjukdom.

– Vi trur at smittetilfellet med den indiske varianten er importsmitte, seier Bovim til NRK

Han vil ikkje kommentere om kommunen mistenker brot på karantenereglar i forbindelse med utanlandsreise.