Så vidt han fekk selt dei nye leilegheitene: – Vanskelegare å få huslån i utkantane

HYLLESTAD (NRK): Byggefirmaet opplevde stor interesse for dei nye husa i bygda, men hadde likevel vanskar med å selje alle. Huseiernes Landsforbund kallar problemstillinga kjent.

Jostein Ryland i Ryland Bygg

VIL SELJE MEIR: Jostein Ryland seier han kunne ha selt prosjektet bak han i alle fall ein til gonger til om utlånspraksisen hadde vore annleis.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Når du kjøper deg nytt hus i byar eller større tettstader, er marknadsverdien ofte den same som kjøpesummen.

Men i utkantane kan forskjellen på dei to summane vera store. Nye hus vil ha høgare kjøpesum enn kva marknadsverdien er når bustaden skal seljast vidare.

Dermed krev bankane at du stiller med meir eigenkapital om du skal kjøpe nytt på bygda.

– Dette kan føre til fråflytting, hevdar Jostein Ryland.

Han driv eit byggjefirma i Sørbøvåg i Hyllestad kommune.

Kunne ha selt fleire leilegheiter

Dei trudde det var marknad for eit rekkjehus med seks husvære midt i kommunesenteret.

Men det var berre så vidt han klarte å selje alle leilegheitene. Fleire ønskte å kjøpe, men fekk nei av banken.

– Eg kunne selt prosjektet i alle fall ein og kanskje to gongar til, hevdar Ryland.

Han meiner det er vanskelegare å få lån til å kjøpe nytt hus eller ny leilegheit om du bur i meir grisgrendte strok.

– Vi ser at mange ungdommar leiger bustad. Vi har ei stor hjørneverksemd, og det jobbar masse flott ungdom der. Dei har god løn og betalar husleiga. Dette er ungdommar som i dag kunne vore på bustadmarknaden, meiner Ryland.

Nybygg i Hyllestad

HUS MED UTSIKT: Utbyggjaren sleit med å få selt alle desse nye leilegheitene i Hyllestad. Årsaka er at kjøparane gjerne må stille med meir eigenkapital her enn om dei hadde kjøpt same leilegheita i ein større tettstad.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Husbanken må brukast

Forbrukar- og kommunikasjonssjef Carsten Henrik Pihl i Huseiernes Landsforbund har ikkje tal, men seier at dette er ei kjent problemstilling fleire stader i landet.

Spesielt langs kysten av Vestlandet, i Nord-Noreg og enkelte stader i Innlandet.

For 14 dagar sidan var forbundet på Stortinget i samband med ei høyring om distriktsmeldinga.

– Vi peika på at dette er eitt av dei områda der Husbanken må brukast som eit reiskap for å gi huskjøparar nok eigenkapital, seier han.

Husbanken kan gi startlån (ekstern lenke) og tilskot til personar som ikkje får lån i vanleg bank. Det er kommunane sjølve som behandlar søknadane.

Byggefirmaet i Hyllestad vil ikkje gi bankane skulda for situasjonen.

– Bankane har eit system dei må ta omsyn til, der dei har mykje mindre fleksibilitet enn før. Det burde vore meir rom for å ta omsyn til betalingsevna, seier Ryland.

Carsten Henrik Pihl, huseiernes landsforbund

HUSEIGAREN: Carsten Pihl i Huseiernes Landsforbund vil bruke Husbanken meir aktivt.

Foto: Birgitte Wold Ingebretsen / NRK

Banksjef: – Regelverket fungerer

Ole Martin Eide er fagansvarleg for kreditt i privatmarknaden hos Sparebanken Sogn og Fjordane.

– Eg er usikker på om det er for vanskeleg å få lån. Det er utfordrande, men det blir bygt.

Han meiner bankane er fleksible.

– Eg opplever ikkje at dei beste kundane får avslag i dag. Dei får kanskje tilleggskrav og må kanskje ha meir bruk av realkausjonistar. I enkelttilfelle skulle eg ønskje vi hadde større fleksibilitet, men jamt over tykkjer eg regelverket fungerer bra, meiner Eide.

Vil ikkje endre reglane

Statssekretær i Finansdepartementet, Geir Olsen (V), seier at det ikkje er aktuelt å endre dagens bustadlånsforskrift som set føringar på utlånspraksisen til bankane. Men han legg til at forskrifta skal opp til ny vurdering innan nyttår.

– Vurderinga vår er at fleksibiliteten er stor nok. Tala syner og at den ikkje er fullt ut utnytta, verken i Sogn og Fjordane eller andre stader. Forskrifta kan ikkje ta høgde for alle eventualitetar. Det er bankane som veit best sjølve kven dei skal låne pengar til.

Ole Martin Eide, fagansvarleg kreditt privatmarknad Sparebanken Sogn og Fjordane

BANKEN: Ole Martin Eide er fagansvarleg for kreditt i privatmarknaden hos Sparebanken Sogn og Fjordane.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Fryktar fråflytting

I Sørbøvåg er Jostein Ryland uroa over konsekvensane utlånspraksisen kan gi i område der det er litt lenger mellom naboane.

– Konsekvensen blir at dei unge må leige, og slik gjer det lettare for dei å flytte på seg. Det er frustrerande å sjå at om dei byter adresse, med same løn, men høgare levekostnader, og så er det plutseleg enklare å få lån.

Geir Olsen, statssekretær i Finansdepartementet (V)

STATSSEKRETÆREN: Geir Olsen (V) i Finansdepartementet meiner regelverket fungerer.

Foto: Johan B. Sættem