Hopp til innhold

Har kontroll over husbrannen i Sogndal

Ein person berga seg sjølv ut då bustaden tok fyr onsdag kveld. Brannmannskapet har kontroll over brannen og vil passe på utover natta.

Brann i hus ved Ølmheim kyrkje i Sogndal

BRANN: Ein av dei to personane som bodde i huset kom seg ut då det brann. Den andre var ute.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Bustaden står rett over vegen for Ølmheim kyrkje.

– Vi har kontroll på den måten at vi driv utvendig sløkking og sikrar at ikkje brannen spreier seg, seier innsatsleiar på staden, Vidar Trettenes til NRK onsdag kveld.

Vidar Trettenes

IKKJE FARE FOR SPREIING: Innsatsleiar Vidar Trettenes seier brannen ikkje vil spreie seg.

Foto: Kaia Viki Johnsen / NRK

Ifølge Helse Førde AMK skal ein person ha vore inne i huset då brannen starta.

Personen kom seg ut, og begge dei to personane som budde i huset vart teken hand om av helsepersonell. Begge skal vere uskadde.

Brann i bustadhus ved Norum kyrkje

LIKE VED KYRKJA: Bustadhuset er like ved Ølmheim kyrkje og kyrkjegarden.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Politiet fekk melding om brannen klokka 18.35 og alle naudetatane rykte ut til staden. Brannmannskap frå Sogndal, Leikanger og Luster jobba på spreng for å sløkke brannen.

– Vi vil vere her og halde vakt utover kvelden og natta. Her er to tankbilar på plass, som går i skytteltrafikk inntil vi er ferdig sløkka, seier Trettenes.

Han ser det ikkje som nokon fare at brannen skal spreie seg til andre bygg i nærleiken.

Brann ved Ølmheim kyrkje

KOM SEG UT: Ein person skal ha vore inne i huset då brannen starta, men kom seg ut.

Foto: Sondre Dalaker / NRK
Laster Twitter-innhold