Hopp til innhold

Kunne nesten ikkje engelsk då ho starta – no har Anne drive USA-guiding i 15 år

FØRDE (NRK): Anne Kvellestad Klakegg er Jølster sin eigen "Tore på Sporet": Dei siste 15 åra har ho brukt fritida på å gjenforeine amerikanske og norske slektningar.

Anne Kvellestad Klakegg og ein venn står framfor Velkommen til Alaska-skilt

LANGT FRÅ HEIME: Nokre gonger må Anne Kvellestad Klakegg reise ekstra langt for å gjenforeine slekt. Her med den amerikanske kjærasten Ken Arthun.

Foto: PRIVAT

– Eg kunne ikkje engelsk, berre pitte litt. Vi var heilt hjelpelause, seier Anne Kvellestad Klakegg om den første turen til USA, då ho sjølv skulle møte slekta.

Mellom 50 og 60 turar seinare er det lite som minner om dette vanskelege utgangspunktet. Rådløysa ho sjølv hadde kjent på vart gjort om til ein forretningsidé. Resultatet vart den litt uvanlege turoperatøren «Klakegg Tour Guiding».

– Det er mynta på USA, den norsk-amerikanske kontakten, og byggjer på utvandringa frå Norge, seier turoperatøren med base på Jølster.

Anne Kvellestad Klakegg held foredrag i Førdehuset

FOREDRAG I FØRDEHUSET: Anne Kvellestad Klakegg presenterte turplanen sin for det nye året

Foto: Bente Kjøllesdal / NRK

Klakegg reiser med nordmenn som vil finne den amerikanske slekta si – etterkomarane av dei mange norske emigrantane som reiste over Atlanteren mellom år 1830 og 1920 på jakt etter eit betre liv.

Alt inkludert

Det har aldri vore enklare å reise på eiga hand, men Klakegg tilbyr likevel noko ganske unikt. Ho er alt frå slektsgranskar til sjåfør.

– Eg hjelper dei finne slekta, så vi brukar ein del tid på det. Om dei ikkje veit noko, så har vi også ekspertar som hjelper oss, seier Klakegg.

Reiseleiaren, som er bussjåfør til vanleg, skreddarsyr så reisene og er med sjølv frå start til slutt.

– Eg køyrer heile turen, og er med dei 24 timar i døgnet. Eg ordnar alt, frå flybillettar til overnatting og reising, seier ho.

Til saman har Klakegg reist med nærmare 1500 personar.

– Anne var både sjåfør og guide for oss. Vi var tretten stykk, så vi gjekk akkurat inn i minibussen, seier Åshild Følid frå Gaular, ei av dei som har vore på reise med turoperatøren.

Person ved minivan med hengar på rundtur i USA

MINIBUSS: Arvid Kjøsnes har vore på tur med Klakegg Tour Guiding. Dei måtte ha minibuss og bagasje i hengar for å få plass til alle som ville vere med.

Foto: PRIVAT

Ny giv

Etter 15 år i bransjen var bussjåføren innom tanken på å gje seg. Det krev både tid og arbeid å gjennomføre slike turar, spesielt når det lyt skje på fritida.

– Det går ikkje an å leve av det her på fulltid, så eg må ha jobb i tillegg, seier Klakegg. Det her er ein livsstil. Du blir nok aldri rik på pengar, men eg har nok opplevingar dei fleste ikkje får.

Rodeo i Livingston, Montana

DEN AMERIKANSKE OPPLEVINGA: På tur er det rom for meir enn berre slekt, som til dømes rodeo i Livingston, Montana.

Foto: PRIVAT

Då motivasjonen skranta kom ny inspirasjon i form av filmskaparen Frode Fimland frå Naustdal. Han regisserte filmen «Søsken til evig tid – Amerikareisa» som følgde Magnar og Oddny Kleiva då dei skulle besøke sine amerikanske slektningar, og delte Klakegg si interesse.

– Eg er turekspert og tek meg av det meste av reisinga, medan han er flink på kontaktar, brosjyrar og slikt, seier Klakegg om samarbeidet.

I staden for at forretninga vart avvikla, så vart det heller ein aldri så liten ekspansjon.