Hopp til innhold

«Det var no kjekt at dei filma - då har vi minne frå turen»

Søskenparet Magnar og Oddny Kleiva frå Naustdal vart landskjende etter filmsuksessen «Søsken til evig tid». Og straks kjem oppfølgjaren – om Amerika-reisa.

Amerikareisa

GJÆVT: - Det var stort å vitje USA, seier f.v Magnar og Oddny Kleiva.

Foto: Vegard Fimland

– Det var veldig kjekt å få treffe slekta og å reise til USA. Vi hadde aldri trudd det skulle kunne gå an, seier Magnar Kleiva.

På garden i Naustdal går livet sin vane gong. Hus og beist er klare for vinteren, og alt er som det pleier.

Men i august sette søskenparet seg for første gong på eit fly, på sin aller første ferietur. For å vitje slektningane etter søstera til bestemora deira. Ho emigrerte til USA i 1890. Og «over there» er alt større enn her heime, konstaterer Magnar.

Er den mest sette TV2-dokumentaren nokosinne

– Vi vitja ein stor gard med 360 mjølkekyr. Du veit det blir kontrastar. Vi har berre tre kyr i fjøsen, humrar Magnar.

At turen er dokumentert med nok ein dokumentar frå Frode Fimland, tykkjer han er fint.

– Det var no greitt at nokon hadde med kamera, slik at vi har minne frå turen, smiler Magnar.

Men det vert nok langt meir enn ei privat minnebok. Førre film om søskenparet vart sett av 41.000 kinogjengarar. 700.000 fekk med seg dokumentaren då han gjekk på TV2 i jula 2013, noko som gjer den til den mest sette dokumentaren på kanalen noko sinne.

I skrivande stund har den nye traileren for filmen 109.000 visingar på Facebook.

Amerikareisa

FØRSTE FERIETUR: I august var søskenparet på sin aller første ferietur.

Foto: Vegard Fimland

Har gått rekordraskt

Filmskapar Frode Fimland er audmjuk over at han har fått presentere historia til søskenparet.

– Eg er privilegert som har fått lov til det, seier Fimland.

Frode Fimland

REKORD: - Både opptak og redigering har gått rekordraskt, seier dokumentarfilmskapar Frode Fimland.

Foto: Vegard Fimland

Han er i ferd med å leggje bak seg ein haust utan like. I august var han saman med søskenparet i USA og filma i ti dagar. Sidan har filmen vorte klypt både i Trondheim og Bergen parallelt for å komme i mål.

– Dette har gått rekordraskt, utan at det har gått ut over kvaliteten. Førre filmen brukte eg tre år på. Denne har vorte til på eit halvt år, seier Fimland.

Set punktum no

Den førre filmen vart motteken med opne armar, både av norsk og utanlandsk publikum.

– Eg vart overraska over at historia trefte så godt. Desto meir artig er det at filmen nådde så breitt og hadde ei universell målgruppe, seier Fimland.

Men han er klar på at dette vert siste kapittel i dokumenteringa av søskena Kleiva sitt liv.

– Det blir ikkje fleire filmar no. Det trur eg at eg kan seie sikkert, seier Fimland.

Filmen skal ha festpremiere i Førdehuset 14. november.