Hopp til innhold

– Det er tøft å vere redd for at du er den neste som blir smitta

Ein av dei tilsette ved spesialavdelinga for covid-19 på Fyllingsdalen sjukeheim i Bergen har testa positivt på korona.

Magny Nordtveit, Fyllingsdalen sjukeheim.

UROA: Einingsleiar Magny Nordtveit ved Fyllingsdalen sjukeheim.

Foto: NRK

Det melder Bergens Tidende.

Einingsleiar Magny Nordtveit ved sjukeheimen, seier til avisa at ho er bekymra etter at i alt fire tilsette har blitt smitta.

– Det er tøft for dei tilsette. Det er tøft å vere redd for at du er den neste som blir smitta, seier Nordtveit til NRK.

Éin av dei smitta jobbar med dei sjukaste covid-19-pasientane. Nordtveit utelukkar ikkje at vedkomande kan ha blitt smitta medan ho stelte sjuke pasientar.

– Sannsynet er til stades for at vedkomande blei smitta på jobb, men vi kan ikkje vere heilt sikre, seier Nordtveit til NRK torsdag kveld.

Ho fortel at det no er i alt fire tilsette ved Fyllingsdalen sjukeheim som har testa positivt, tre av desse jobbar ved ei korttidsavdeling i ein annan del av sjukeheimen.

Fleire av bebuarane og dei tilsette på sjukeheimen er no i karantene og vil bli testa tre gonger dei næraste dagane.

– Éin pasient ved korttidsavdelinga har testa positivt, seier Nordtveit.

Fyllingsdalen sykehjem, Bergen

HARDT RÅKA: Fyllingsdalen sjukeheim i Bergen.

Foto: Synnøve Horvei / NRK