Hopp til innhold

BT: Mannen som er sikta for vald i Bergen er avhøyrt

Mannen i 20-åra sikta for vald mot to menn og ei kvinne i Strandgaten, er ifølge BT avhøyrt og utskriven. Eit vitne til hendinga sa til NRK i går at personen trudde han blei vitne til eit drap.

Mannen i 20-åra blir framstilt for varetektsfengsling i Hordaland tingrett klokka 12.00 i dag.

– Han angrar frykteleg på hendinga, seier mannens forsvarar, Erik Johan Mjelde til NRK søndag morgon.

I ein video som viser hendinga, kan ein sjå at ein vaksen mann blir slått ned og blir liggande på bakken. Det er ingen relasjon mellom denne mannen og den valdssikta, opplyser Mjelde.

Politiadvokat Linn Mari Søfteland seier dei vil be om fire vekers fengsling, fordi dei meiner det er gjentakingsfare. Det skriv Bergens Tidende.

– Han er avhøyrt og utskriven. Vi fekk eit telefonavhøyr av han laurdag kveld. Han har sydd nokre sting og forklart seg godt, opplyser Søfteland til avisa.

BT skriv at det søndag morgon enno ikkje er oppnemt bistandsadvokat i saka.

Ein mann i 20-åra slo ned to andre menn i Strandgaten i Bergen natt til 18. mai 2024. Eit vitne filma hendinga.

Såg to bli slått ned: – Tenkte eg var vitne til drap

På ein video går ein mann rett i bakken, etter å ha fått ein knyttneve i ansiktet. No er ein mann i 20-åra sikta for vald.