Hopp til innhold

BT sitt Førde-kontor kan forsvinne

Dei neste åra må Bergens Tidende gjennom kraftige kutt og endringar. Det kan bety at lokalkontoret som avisa har i Førde må leggjast ned.

Bergens Tidende aviser

MÅ KUTTE: Bergens Tidende må dei neste åra kutte mellom 100 og 150 millionar kroner.

Foto: Trude Bakke / NRK

I dag vart det varsla at avisa må kutte utgifter på mellom 100 og 150 millionar kroner dei neste åra. Bergens Tidende er ein del av Schibsted-konsernet og onsdag vart det klart at konsernet planlegg ein stor sparepakke dei komande åra.

Redaktør i Bergens Tidende, Trine Eilertsen, seier til NRK.no at det førebels er uklart om det blir gjort kutt ved distriktskontora, som mellom anna finst i Førde.

– Det kan eg eigentleg ikkje seie. Vi har sagt til dei tilsette at vi små snu alle steinar. Vi må også sjå på distriktskontora, dei er ikkje skjerma i denne prosessen, seier Eilertsen.

Tilsette prega av sjokk

Klubbleiar i BT, Arild Berg Karlsen, seier dei tilsette er både sinte og oppgidde etter at dei fekk vite om kutta.

– Det er veldig mykje pengar, og det er nok veldig mykje sjokk som pregar dei tilsette her i dag, seier Karlsen til NRK.no.

Kutta fører til at regionavisa for Hordaland og Sogn og Fjordane no for aller første gang i si historie må seie opp folk.

– Folk er litt lei seg, for vi har fått vite frå leiinga at det i løpet av hausten skal komme fram at vi er for mange. Ein del av desse vil då måtte med sluttpakkar, seier klubbleiaren.

Mykje som er uklart

Trine Eilertsen

MÅ SNU ALLE STEINAR: Seier redaktør Trine Eilertsen.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

Eilertsen kan ikkje svare på kor mange personar som vil misse jobben som følgje av kutta på mellom 100 og 150 millionar kroner.

– Eg kan ikkje seie tal på hovud. Det er fordi vi ikkje veit kva samansetninga av tiltak, forklarar ho.

Redaktøren fortel at nokre tiltak vil gå direkte utover tal tilsette, medan andre tiltak vil handle om til dømes distribusjon av aviser og deadline.

I Sogn og Fjordane har Bergens Tidende i dag to faste tilsette. Eilertsen seier desse er med i den totale vurderinga i forhold til tilsette som kan måtte gå.

– Kjem Bergens Tidende til å dekke Sogn og Fjordane i framtida?

– Vi er Vestlandet si storavis. Kjerneområdet vårt er Bergen og storkommunane rundt og det er eit veldig viktig område for oss. Når vi skal prioritere så er det aller viktigaste for oss at vi god nyheitsdekning i det området, svarar Eilertsen og legg til:

– Men vi går ikkje utan vidare å seier at vi ikkje skal dekke Sogn og Fjordane, det gjer vi ikkje.