Bygdanytt er lokalavisa for Osterøy og Arna, og blir gitt ut to gongar i veka. Opplaget er på omlag 4.100.
Vil kontrollera lokalavisene
Frå før eig Bergens Tidende Askøyværingen og Fanaposten.
- Det er ein strategi frå Bergens Tidende å ha kontroll over lokalavisene i området. Me har kompetansen som skal til for å driva desse, og ønskjer å sikra økonomien i avisene, seier økonomidirektør Terje Rasmussen til BT.
Kjøpesummen konfidensiell
Bygdanytt, Akøyværingen og Fanaposten får alle pressestøtte frå staten. Noko som fører til at BT ikkje har lov til å ta ut aksjeutbytte i avisene.
Partane er samde om å halda kjøpesummen konfidensiell, skriv BT i ei pressemelding.