Hopp til innhold

Bryr seg ikkje om slibrige menn

Verdama Eli Kari Gjengedal frå Leikanger har slutta å bry seg om slibrige telefonar.

Eli Kari Gjengedal

FÅR MYKJE MERKSEMD: Eli Kari Gjengedal får mange telefonar frå ukjende menn.

Foto: TV 2

– Eg har aldri meldt nokon til politiet, for meg skal det mykje til, seier ho til Dagbladet.

Like etter nyttår blei 41-åringen single igjen etter å ha vore sambuar i 11 år. Påska feirar ho heime på Leikanger saman med sonen på seks år.

Høyrer menn lagar lydar

Eli Kari Gjengedal har jobba som verpresentatør på TV2 i 12 år. Ho har blitt kjendis og altså måtte tåle mange telefonar om natta.

– Når eg tek telefonen og høyrer at folk har sex med seg sjølv og lagar lydar, er det ikkje noko moro, seier ho til avisa.

Tidlegare har ho fortalt at ho får mange gåver frå ivrige fans. Mellom anna får ho ei raud truse i posten kvart år.

– Eg har også fått champagne og konfekt. Det har også blitt ein del frieri, både brev med bilete og på Facebook, fortel ho.

Gir seg ikkje enno

Men alt dette skremmer ikkje verdama vekk frå TV-skjermen. Ho satsar på å melde veret ei stund til, til glede for mange TV-sjåarar.

– Inntil vidare eg er gamlemor som kjem framfor verkartet. seier ho.