Hopp til innhold

Heile fylkets Eli Kari på NRK-besøk

Snakka om boka si "Værtegn i Norge" i morgonsendinga.

Eli Kari

JULEKOS: I tillegg til å snakke om den nye boka si hadde Eli Kari Gjengedal laga gløgg for å få opp julestemninga i studio i NRK.

Foto: Hans Henrik Løken / NRK

- Det er veldig mange verteikn som ikkje har rot i røynda i det heile. Men det eg tykkjer er fascinerande med verteikn, er at dei er ein viktig del av kulturarva, slik som eventyra, seier Eli Kari Gjengedal.

- Ikkje berre tull og tøys

Eli Kari Gjengedal

Ei engasjert Eli Kari Gjengedal - slik me er vande til å sjå ho

Foto: Hans Henrik Løken / NRK

Den nye boka hennar inneheld 450 varsel og teikn frå heile landet. Sjølv om mange vêrteikn berre er tull og tøys, gjeld ikkje det alle, påpeikar vêrpresentøren frå Sogn.

- Me har nokre som kan forklarast vitenskapeleg. Dei er tufta på meteorologi, og slår veldig sjeldan feil. Dette er optiske fenomen, lys som me ser på himmelen.

Eitt av dei meir vitskapelege verteikna er: "I dag du om sola ser ein stor ring, i morgon du ser sola ingenting".

Eli Kari Gjengedal

Eli Kari Gjengedal i julestudio

Foto: Hans Henrik Løken / NRK

- Når det kjem ein front innover, vil den alltid starta med høge skyer. Dei inneheld iskrysltallar som reflekterer sollyset, og det opplever me her nede som ein ring rundt sola. Og då kjem det nedbør.

- Eg og ein gjeng menn på 80

Den kjende meteorlogen fortel at vêrteikn er noko fyrst og fremst den eldre garde interesserer seg for.

- Då eg starta å gjera researchen til boka såg eg jo at det var eg og ein gjeng med menn på 80 år som tykte dette var veldig spennande. Men etter kvart såg eg at dei fleste jo har høyrd om eit eller anna vêrteikn, så då ville eg popularisere det litt.