Hopp til innhold

Beundrar sender truser i posten

Eli Kari Gjengedal får uvanlege gåver i posten - og omfanget aukar i juletida.

Eli Kari Gjengedal

FÅR GÅVER I FLENG: Eli Kari Gjengedal har fått truser i posten dei siste elleve åra. No vil ho finne ut kven avsendarane er.

Foto: TV 2

– Eg plar seie «å, der kom juletrusa i år, og», seier Eli Kari Gjengedal til kjendis.no.

Den poplulære vêrmeldaren frå Leikanger får stadig vekk gåver frå fansen, skriv nettstaden.

Spesielt når det nærmar seg jul, dukkar det opp blomar, champagne og konfekt - og kvart år kjem det ei truse.

– Trusa er alltid raud, eg vil tru det er julefargen, seier Gjengedal til Dagbladet.

Ho anar ingenting om kven det er som står bak den heller uvanlege - men etterkvart tradisjonelle - juletrusa.

– Er det nokon som trur dei kan kjøpe seg fint vêr med champagne og truse, spekulerer ho med eit smil. Ho understrekar at ho tykkjer det er triveleg med gåver i posten.

No etterlyser Gjengedal avsendarane på Twitter. Håpet er å finne ut kven det er som har sendt gåver kvart år i heile elleve år...